Åtte innspel for ei nynorsk språkstimulering i barnehagen

Me er tomme for papireksemplar av denne plakaten, men du kan laste han ned i PDF-format og skrive han ut sjølv.

1. Samtal med barn om språkbruk og språkleg variasjon. Barn har mange erfaringar med språkleg variasjon og har nytte av eit vokabular som uttrykkjer denne variasjonen. Lær barna ord som «nynorsk», «bokmål», «dialekt», «tospråkleg», «samisk», «bosnisk», «morsmål» osb. Og bruk orda i samtalar med barna.

2. Bruk nynorsk i rutinesituasjonar, i dei songane og tekstane ein ofte brukar: bordvers, namneleikar, fødselsdagssongar, kalenderdikt, m.m.

3. Barnehagebarn lærer nynorsk gjennom øyrai høgtlesing, songar, dikt og lydbøker.

4. Dialekt er ikkje alltid betre enn nynorsk. Barn må få møte den nynorske skriftnormalen og det nynorske lydbiletet, slik dei kvar dag møter bokmål. Dei må få høyre ordformer som «eg», «dei», «heim», «hugse», «tenkje», «drøyme», «byrje», «spennande», «tidleg» osb.

5. Personalet må oppmuntrast og motiverast til å lese nynorsk høgt. Hugs: Sjølv om nokon kjenner seg utrygge, så vil det høyrast heilt fint ut for dei som høyrer på.

6. Bruk nynorsk skrift på veggen, til dømes kan det stå «Eg heiter Caroline» på garderobeplassen i staden for berre «Caroline».

7. Bruk nynorsk i sjangrar barn brukar når dei teiknar og skriv, til dømes «Til mamma frå Ola», «Helsing Rutt» og «Eg håpar du har det bra». Og: Gjer dette uavhengig av korleis ungane dikterer.

8. Inkluder foreldra. Dagens pedagogiske og politiske vekt på tidleg språkstimulering er eit godt utgangspunkt for å motivere også foreldre til å tenkje nynorsk språkstimulering, særleg nynorsk høgtlesing.

Ingeborg Mjør førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen, 2010