Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Barnetrinn /

Brettebøker

Her finn du små bøker du kan skrive ut og brette sjølv. Forteljingane er skrivne av Erna Osland og illustrerte av Inger Lise Belsvik. Læreplanen seier at elevar skal lese nynorske tekstar av ulike typar med samanheng og forståing (LK06). Tekstane i brettebøkene er korte, lettlesne forteljingar som eignar seg godt for ferske lesarar. Tekstane er dessutan gode modellar for elevar som skal skrive enkle forteljande og skildrande tekstar (LK06, kompetansemål etter 4. trinn). Det kan vere lurt å lese bretteinstruksane før du byrjar.

Til KautokeinoTil Kautokeino
Siri saknar venen Matti, som flytta til Kautokeino. Men ein dag finn ho ei fjør.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

TrappaTrappa
Tina har flytta. Huset er gammalt, men trappa er ny. Ved toppen av trappa bur ein gut.
Boka har open slutt og plass til å dikte vidare sjølv.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

Hysj!Hysj!
Eli står i ro. Ho har ein fugl på hovudet.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

Det Akim ventar påDet Akin ventar på
Akin liker å symje. Bassenget er djupt, blått og fullt av jenter.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

MonsteretMonsteret
Det blir sommar og skulefri. Men Jon skal ikkje på ferie. Han må vere heime.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

Og så kan sommaren begynneOg så kan sommaren begynne
Eva har sagt til Yssouf at dei kanskje kan bli kjærastar til sommaren. No er det siste skuledag.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

To venner ved elvaTo venner ved elva
Jon har ein vaksen venn som heiter Reidar. Dei liker å fiske saman.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

På fire føterPå fire føter
Elise har ikkje armar. I dag skal ho hoppe i fallskjerm med far.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

Andre skoledagAndre skoledag
Bjørn kjenner ingen. Han går sakte og har lyst til å gå heim. Da ser han ei jente.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

Mor til mormorMor til mormor
Da mormor var lita, fekk ho ikkje vere saman med mor si. Mor til mormor var nemleg sjuk.
Brettebok | Tekst til skjermlesing

 

Bretteinstruksjonen er henta frå Nordnorsk vitensenter.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 22.12.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)