Skjønnlitterær tekst i språkopplæringa

Av Ingrid Slettevoll, Nynorsksenteret

Vaksne som skal lære norsk som eit nytt språk i eit nynorskområde, kan ha nytte av å lese og snakke om skjønnlitterære tekstar på nynorsk. Lettlesbøker på nynorsk er eit godt utgangspunkt for å kunne skape førestillingar om norsk kultur og samfunn. I tillegg til at litterære tekstar gir opplevingar, har mange slike tekstar eit rikt ordforråd som kan gi ei utvida forståing av språket.

Eitt av kapitla i lettlesboka Flukt er utgangspunkt for dette undervisningsopplegget der vi legg vekt på å avgrense lærestoffet og finne strukturar i språket. Vi har samarbeidd med ein lærar ved Volda læringssenter som har prøvd ut opplegget og deler erfaringane sine med oss i ei praksisforteljing. Ei av hennar erfaringar er at det alltid dukkar opp ei mengd språklege problemstillingar undervegs når minoritetsspråklege skal tileigne seg forståing av ein slik tekst.

Flukt Stort

Eksempeltekst

Atle Hansen: «Det er for mørkt å gå ned til Vågen» (PDF)
Kapittel frå boka Flukt

Målgruppe: Grunnskule eller på høgste nivået i norskopplæringa.

Boka Flukt av Atle Hansen har nokre trekk som gjer at ho kan fungere som lettlesen for målgruppa. Boka har eit tema som mange kan kjenne seg att i. Teksten har ei luftig utforming med små kapittel på 2-3 sider som er delte i avsnitt med korte setningar og laus høgremarg. Titlane på kvart kapittel er gode igangsetjarar som skaper forventingar om innhaldet.

Mykje direkte tale gjer teksten kvardagsleg og nær den dialogen ein ofte er ein del av viss ein snakkar norsk. Det er ein eg-person som skildrar miljøet og fortel om ei spennande oppleving. Av den grunn er det lett å setje seg sjølv inn i det same perspektivet. I denne boka føregår svært mykje av handlinga i presens, noko som også lettar lesinga.

Vi har valt ut kapitlet «Det er for mørkt å gå ned til Vågen» som eit tekstgrunnlag der vi peikar på språklege fenomen som kan takast opp ved å nærlese teksten i fellesskap. Ein treng sjølvsagt ikkje å løfte fram alt på ein gong, men gjerne bruke dette som ein eksempeltekst som kan takast fram i fleire omgangar. Teksten har ein struktur der linjeinndelinga i seg sjølv gir ein liten pause som gjer språket naturleg og lettar forståinga.  Les gjerne teksten høgt i kor og legg vekt på pausar og trykk for å få fram meininga.

1 Tempus og perspektiv

Last ned teksten med markerte døme på tempus og perspektiv (PDF)

Denne teksten er skriven i presens med berre eit par setningar i preteritum, og han er difor veleigna for å vise korleis verb blir brukte for å framstille ein her-og-no-situasjon. Som ei øving der ein lærer om formverket, kan det vere nyttig å finne eksempel på svake verb, som kan vere e-verb eller a-verb, og deretter eksempel på sterke verb. At teksten beskriv både eit miljø og ei handling som skjer her og no, gjer den også så konkret og nær at ein lett kan dramatisere og visualisere innhaldet. I neste omgang kan ein eventuelt gå vidare og prøve å setje verba i preteritum. Då blir det kanskje ein der-og-då-situasjon?

Perspektivet i handlinga er sett frå ein eg-person og gjer difor teksten lettlesen og relevant for ein som skal lære norsk. Personleg pronomen 1. person eintal finst i mange variantar i norske dialektar og i to skriftlege variantar, nynorsk og bokmål. Det kan vere nyttig å samanlikne dei to skriftspråklege variantane, men også å demonstrere korleis pronomenet blir uttalt i nærmiljøet, til dømes uttalen av eg som ‘ej’ og ‘e’ på Sunnmøre. Samanlikn gjerne også pronomenet med variantar på engelsk eller andre språk.

Praksisforteljing om arbeidet med tempus og perspektiv

2 Ordkjeder og ordpar

Last ned teksten med markerte døme på ordkjeder og ordpar (PDF)

Sjølv om her er nokre faste uttrykk og omgrep som treng forklaring, får ein ofte hjelp av ordkjeder som refererer til kvarandre og  dermed lettar og utvidar forståinga av omgrepa. Å ta for seg ei slik referentkjede kan opne opp for å kunne sjå samanhengar som ein ikkje får fram ved å ta eitt og eitt ord. Denne teksten byr på mange ord som kan koplast saman i referentkjeder/ordkjeder eller ordpar. Vi har gitt nokre eksempel, men her kan ein finne fleire kjeder der ord t.d. kan vere motsette eller synonym. Å arbeide med ord og omgrep på denne måten gjer det lettare å skape meining i ein tekst.

Praksisforteljing om arbeidet med ordkjeder og ordpar