Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda
Leiar:
Anne Steinsvik Nordal
Telefon: 70 07 51 97 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)
Telefaks: 70 07 50 51
Om senteret / Nyhende /
Nynorskkonferansen 2010: Skriving og lesing
|
Det var eit rikhaldig program dei to sentra presenterte: Kristin Kibsgaard Sjøhelle fortalte om doktorgradsprosjektet sitt ved Nynorsksenteret, og kunne vise til spennande funn frå forskinga på nynorskopplæring i ein vidaregåande skole med bokmål som opplæringsmål. Jon Smidt frå Høgskolen i Sør-Trøndelag, forelas om skriving som grunnleggjande ferdigheit og presenterte nyttige tesar om skriving. Arild Torvund Olsen presenterte nynorske nettressursar, medan Odd Goksøyr kunne vise til røynsler frå eit tverrfagleg skriveprosjekt med nynorsk som opplæringsmål. Stor språkleg kompetanse blant minoritetspråklegeEit anna spennande tema var nynorsken som ressurs for minoritetsspråklege elevar. Pål Wiik og Torill Tørjesen frå Oslo voksenopplæringssenter viste til korleis den breie språklege bakgrunnen mange innvandrarelevar har med seg heimanfrå, er eit flott utgangspunkt for å lære nynorsk – òg i bokmålsområde. Mange innvandrarelevar har tidlegare sakna den innsikta i den norske språksituasjonen som opplæring i begge målformene gir, og har uttrykt misnøye med å automatisk bli fråteken sjansen til å lære nynorsk. Elevar med innvandrarbakgrunn ofte ein breiare språkleg ballast enn mange av medelevane sine. Nynorske barne- og ungdomsbøker – meir enn Maria ParrJanne Karin Støylen avrunda med ei inspirerande presentasjon av aktuell nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Ho tok til med å lese frå den mest selde barneboka i 2010, Tonje Glimmerdal av Maria Parr, og peika på at dagens elevar er morgondagens forfattarar. Maria Parr var sjølv elev då ho bestemte seg for å blir forfattar. Derfor er det viktig å løfte fram stemma til elevane. Derfor er fokus på skriving så viktig. Publisert: 28.04.2010 12:35 av Hjalmar Eiksund |
« Tilbake |
| Skriv ut |
| Oppdatert av Arild Torvund Olsen 26.08.2010 |