Nynorsksenteret

Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

Leiar:
Anne Steinsvik Nordal

nynorsksenteret@hivolda.no

Telefon: 70 07 51 97 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)
Telefaks: 70 07 50 51


English Deutsch

 

Om senteret / Mandat /

Mandat

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Bakgrunn
Eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa blir etablert for å styrkje nynorsk, og er eit ledd i oppfølginga av Innst. S. nr. 268 (2003–2004), St. meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. 

Opplæringa i sidemålet, særleg skriftleg nynorsk, representerer utfordringar for norskfaget. Nynorsksenteret skal leie og koordinere arbeidet med å utvikle innhaldet i nynorskopplæringa.

Mandat for dei nasjonale oppgåvene
Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret skal ha som hovudoppgåve å leie og koordinere arbeidet med nynorsk i opplæringa, arbeidsmåtar og vurderingsformer. Vidare skal senteret medverke til kompetanseutvikling og tilby støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk.

Målgrupper for senteret sitt arbeid er primært lærarar, lærarstudentar, skuleleiarar, lærarutdannarar, forskarar og læremiddelutviklarar. Senteret vil også ha ei viktig oppgåve med å formidle kunnskap om nynorsk i opplæringa til foreldre og til ålmenta.

Senteret si verksemd skal vere basert på forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid. Senteret skal søkje kontakt og samarbeid med relevante fagmiljø.

Presisering av mandatet
1. Den faglege verksemda skal vere basert på forsking, forsøks- og utviklingsarbeid. Det er naturleg at dette skjer i nær kontakt med studentar og lærarar.  Konkrete tilrådingar frå senteret bør vere basert på kunnskap etablert gjennom utprøving i praksisfeltet.

2. Senteret skal leggje vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som bidrar både til å utvikle språkkompetanse og motivere for arbeid med nynorsk. Gode erfaringar skal systematiserast, prøvast ut og spreiast gjennom kurs, seminar, skriftleg materiale og via Internett. 

3. Senteret skal utvikle kontaktar og samarbeid med nettverk, organisasjonar og miljø som arbeider med forsking, utviklingsarbeid og formidling når det gjeld nynorsk og norskfaget generelt. Senteret skal samarbeide med relevante aktørar.

4. Senteret skal hjelpe departementet og Utdanningsdirektoratet med råd og tenester når det gjeld kartlegging, opplæring, kvalitetsutvikling, vurdering og læreplanutvikling i samband med nynorsk. Senteret skal hjelpe skuleeigarar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå i samband med formidling og kompetanseutvikling. Senteret skal hjelpe høgskular og universitet i samband med lærarutdanning om nynorsk i opplæringa.

Organisering
Senteret er organisert som eit ”§18-tiltak” samlokalisert med Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Dagleg leiar ved senteret vender seg til Utdanningsdirektoratet i faglege spørsmål og til høgskulen i administrative spørsmål.

Direktoratet skal godkjenne årsplanar, budsjett og økonomi, motta rapport samt følgje opp verksemda til senteret. Direktoratet har fått delegert ansvar til å endre avtalar.

 

Skriv ut  Skriv ut

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 22.08.2007
 
-