Nynorsksenteret

Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

Leiar:
Anne Steinsvik Nordal

nynorsksenteret@hivolda.no

Telefon: 70 07 51 97 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)
Telefaks: 70 07 50 51


English Deutsch

 

Kurs og konferansar / Kurs /

Å lykkast med sidemålsopplæringa

Kurs for lærarar som underviser i nynorsk som sidemål
Nynorsk som sidemål handlar om lese- og skriveopplæring, om IKT, om skrivemapper og loggskriving, om skjønnlitteratur og sakprosa, om språkhistorie og litteraturhistorie, om rettskriving og teiknsetjing, om å finne den gode formuleringa og den gode tekststrukturen, om teikneseriar og aviser – ja, sidemålsopplæring handlar om det aller meste som vi arbeider med i norskfaget – og vi kan også gjera sidemålet tverrfagleg. Spørsmålet er berre når og korleis vi skal trekkje inn læringsressursar på nynorsk, korleis vi skal arbeide med å utvikle skriftlige ferdigheiter og korleis vi kan utvikle vurderingsformer for sidemålet som kan fremje ein god læringsprosess.

Kurset inneheld didaktiske refleksjonar og konkrete, metodiske tips innafor kvart emne.

Innleiing

To skriftspråk – ei skriveopplæring

Språkhistoria – ein meiningsfull innfallsvinkel

IKT og nynorsk som sidemål

Læraren – den gode modellen

Det er mogleg å kombinere dette kurset med andre kurstilbod frå Nynorsksenteret. Det er òg mogleg å koma med ønske om bestemte innfallsvinklar eller emne.

Pris: Etter avtale
Kontakt kurshaldar Benthe Kolberg Jansson på e-post benthe.k.jansson@hiof.no for å få eit tilbod.

 

Skriv ut  Skriv ut

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 01.07.2010
 
-