NynorsksenteretTekstbasen
 
Bloggar Digitale forteljingar Intervju Kronikkar Kulturomtalar Leiarar Nettstader Notisar Ordskifte Pressemeldingar Referat Reklamar Reportasjar Rettleiingar Samansette tekstar Undervisning
 

Leiarar

ikon Ein leiarartikkel er ein redaksjonell kommentar der ei avis eller ein annan publikasjon gir utrykk for synet sitt i ei eller fleire saker. Han blir skriven av redaktøren i mindre aviser, men i større aviser har ein gjerne fleire leiarskribentar. Som regel er artiklane usignerte og har ein fast plass i avisa, gjerne saman med øvrig kommentarstoff.

Tidlegare var dei fleste norske aviser knytt til politiske parti. Då kunne den same leiarartikkelen bli skrive frå partikontoret og verte trykt i alle avisene i nettverket. Sjølv om det framleis kan vere aviser knytt saman i eit konsern, er det ikkje lenger vanleg at leiarartiklane kjem frå eit hovudkontor.

Nokre aviser, særleg lokalaviser, har ikkje leiarartiklar kvar dag, men bruker dei når det er noko dei vil setje på dagsorden i lokalsamfunnet. Fleire aviser har fleire leiarartiklar, der den første gjerne er ein stor artikkel, medan den andre er mykje kortare. Store norske avisene, som Aftenposten og Dagbladet, har etter kvart fått ein slik andre leiarartikkel. I The Times og Dagens Næringsliv har det blitt tradisjon å lage ein morosam tredje leiarartikkel.
ikon

By- og bygdelister

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sunnmørsposten, 2007

Les meir

Tilhøyrer også: Ordskifte

 

ikon

EU og det ekstreme

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2007

Les meir

Tilhøyrer også: Ungdomstrinnet

 

ikon

Når OL skal berga verda

Skrive av Svein Gjerdåker, Dag og Tid, 2007

Les meir

Tilhøyrer også: Ungdomstrinnet

 

ikon

Omstridt

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sunnmørsposten, 2007

Les meir

Tilhøyrer også: Ordskifte

 

ikon

Sjukepleiarmangel

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sunnmørsposten, 2007

Les meir

Tilhøyrer også: Kronikkar, Ordskifte

 

ikon

Trynefaktoren

Skrive av Harald Kjølås, Sunnmørsposten, 2007

Les meir

Tilhøyrer også: Ungdomstrinnet | Kronikkar, Ordskifte

 

ikon

Valfri kvalitet

Skrive av Svein Gjerdåker, Dag og Tid, 2007

Les meir

Tilhøyrer også: Ungdomstrinnet

 

 
 

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.

 
Rediger