Nynorsksenteret

English Deutsch

 

Kurs og konferansar / Kurs /

Kurs

Kurs
Nynorsksenteret tilbyr kurs til skular og utdanningsinstitusjonar. Ta kontakt med kurshaldar direkte for å gjere avtale.

Fordi han er bra
Kurstilbod om den nye nynorske barne- og ungdomslitteraturen
Dette kurset kan du som er lærar, bibliotekar, skuleleiar eller berre litteraturinteressert vaksen sjølv skreddarsy ut frå ein meny. Du får komponere eit kurs som best mogleg høver deg og dei du lagar kurset for. Motivasjonen vår er å inspirere dykk til å velje i den moderne nynorske bokhylla neste gong!
Janne Karin Støylen

 

Les for meg!
Kurstilbod om moderne nynorske tekstar for aldersgruppa 4–8 år
Kor mange moderne nynorske tekstar for aldersgruppa 4–8 år kjenner du? Les for meg! er eit nytt kurs for lærarar og førskulelærarar. Kurset gjev ei innføring i den moderne nynorske litteraturen, med mange konkrete boktitlar og lesetips.
Petra J. Helgesen

 

Lesestrategiar i alle fag
Kurs for lærarar
Med dette kurset ønskjer vi å gi auka didaktisk kompetanse i å kunne utvikle leseferdigheiter i alle fag. Å lese er ei grunnleggjande ferdigheit og med utgangspunkt i fagtekstar på nynorsk vil kurset leggje til rette for utprøving av eit breitt utval av lesestrategiar som kursdeltakarane deretter tek med til eigne klasserom.
Ingrid Slettevoll

 

Med nynorsk i den digitale verktøykassa
Kurs for lærarar i pedagogisk bruk av IKT i nynorskundervisinga
I norskfaget finst det mange måtar å kombinere IKT med ulike sider av faget. I dette kurset ser vi på kva digitale verktøy som kan styrkje norskundervisinga, med særleg fokus på arbeidet med nynorsk. Målet med kurset er å inspirere til kreativitet og produksjon i klasserommet, og å gi lærarar reiskapen til å kunne auke den digitale kompetansen hos elevane.
Kristin Kibsgaard Sjøhelle

 

På nynorsk
Ei innføring i nettkurset På nynorsk
Vi tilbyr ei innføring i nettkurset . Undervisningslokalet bør ha datamaskiner tilgjengeleg for kursdeltakarane slik at dei kan prøve ut nettkurset.
Ingrid Slettevoll

 

 

Skriv ut  Skriv ut

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 02.09.2010
 
-