Om skriftlege tekstar

Vi skal først sjå på ein skriftleg tekst og prøve å finne ut kva som gjer det til ein tekst. For å lage ein skriftleg tekst treng vi skriftteikn. Det finst mange forskjellige typar skriftteikn.

Skal du lære å lese og skrive arabisk eller kinesisk, må du først lære arabiske og kinesiske skriftteikn. Norsk, og mange andre europeiske språk, skriv vi med latinske bokstavar.

Men det har ikkje alltid vore slik. For om lag tusen år sidan hadde vi andre skriftteikn i landet vårt som vart kalla runer. Språket var heller ikkje det same som no, men eit felles nordisk språk som heitte norrønt. Det var dette språket vikingane snakka. Men berre nokre få kunne lese og skrive det.

Vi har funne skrifter frå denne tida som forskarar har greidd å tyde. Det var ofte små tekstmeldingar, nesten av same slaget som du sender på SMS til kameratane dine. Men dei hadde sjølvsagt korkje mobiltelefon eller papir og blyant.

Dei hogg bokstavane i trebitar eller stein, og då kan du nesten tenkje deg korleis forma på teikna var. I alle fall hadde dei ikkje runde former. Lat oss sjå på ei tekstmelding frå vikingtida som vart funnen under ei utgraving i Bergen. Her er ho med latinske bokstavar i nynorsk målform:

“Gyda seier at du må kome heim”

Kan vi kalle dette ein tekst? Kva meiner du kjenneteiknar ein tekst? Viss vi samanliknar ein tekst med ein vev, kjem vi fram til nokre krav vi kan stille. Lat oss sjå på tekstmeldinga og finne ut om ho tilfredsstiller krava. Viss du kan svare ja på desse spørsmåla, kan vi kalle tekstmeldinga frå vikingtida ein tekst.

  1. veven har eit føremål/kan brukast til noko
     
    • Har meldinga eit føremål?
       
  2. veven har “ein raud tråd”/handlar om eit emne
     
    • Handlar meldinga om noko?
       
  3. veven er bygd opp over eit mønster/ein sjanger eller teksttype
     
    • Passar denne meldinga inn i noko mønster? Kan vi kalle det ein spesiell sjanger?
       
  4. veven heng saman
     
    • Er det nokon samanheng i meldinga på nokon måte?
       

Oppgåve

Diskuter spørsmåla og prøv å seie noko meir om kva som kan vere føremålet, emnet og sjangeren, og på kva måte meldinga eventuelt heng saman.

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa