Krav 1: Føremål

Viss du har opplevd noko morosamt eller hyggeleg, har du sikkert kjent kor viktig det er å få dele det med nokon. Andre gonger er det noko trist eller vanskeleg du vil fortelje.

Eller kanskje har du ei opplysning som berre du kan bringe vidare. I slike situasjonar lagar du tekstar som har eit klart føremål. Det er noko du vil eller må uttrykkje.

Nokre tekstar vil kanskje underhalde oss, mens andre skal gi oss informasjon om noko eller kanskje prøve å overtyde oss om noko.

Teksteksempel 1: “Mobiltelefonar” frå Verdt å vite (trur eg) av Ragnar Hovland:

På same måten som med datamaskinene, så var dei første mobiltelefonane verkeleg digre. Ein måtte bere dei i ein stor sekk på ryggen.

Dette skjønte produsentane var ganske upraktisk, desse telefonane var rett og slett ikkje populære (det einaste gode med dei var at det var lett å lese tekstmeldingane), og dei begynte å lage telefonane mindre. Snart ringde og peip det overalt.

Vitskapen har funne ut at mobiltelefonane øydelegg hjernen din dersom du snakkar mykje, og det gjer du jo. Men så kan ein spørje seg kva som er verst, å øydelegge hjernen med mobiltelefonen eller med dårlege tv-seriar.

Tidlegare trudde du at ein mann som gjekk og snakka høgt på gata var sinnssjuk. No veit du at det er ein fyr med handsfree mobiltelefon. (...)

Oppgåve

Kva trur du teksten “Mobiltelefonar” har som føremål? Kanskje har teksten fleire føremål?

Ragnar Hovland har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å publisere teksten “Mobiltelefonar”.

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa