Krav 2: Emne

Ein tekst må handle om eit emne. Det kan kanskje samanliknast med ein “raud tråd” som går gjennom ein vev.

Du kan leite etter eit ord som går att i teksten, ord som tyder nesten det same eller kan brukast innanfor same fagområdet.

Teksteksempel 2:

Mobiltelefon er eit system for telefoni ved hjelp av radiosendarar og -mottakarar i eit bakkenett, i staden for det tradisjonelle elektriske trådnettet for fasttelefonar. Eit telefonapparat som kan brukast utomhus og inneheld ein berbar radiosendar i staden for å vera kopla til telefonnettet med ein leidning, vert til vanleg kalla «ein mobil», kort for mobiltelefonapparat.

Prinsippet er enkelt: Kvar brukar (eller mobilabonnent) ber med seg ein mobil, som er ein liten radiosendar som heile tida kommuniserer med dei basestasjonane som ikkje er for langt unna. Kvar basestasjon dekkjer eit visst geografisk område, som vert kalla ei celle. (...)

Utdrag frå Wikipedia

Oppgåve

Les teksteksempel 2 og prøv å finne ein slik tråd eller emne i eksempelet henta frå oppslagsverket Wikipedia. Leit etter ord som omtalar same fagområdet.

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa