Krav 3: Samanheng

Det tredje kravet til ein tekst er at han må henge saman. Det må vere noko som bind saman teksten på same måten som renningen i ein vev.

Utan ein slik gjennomgåande renning, vil trådane henge og slenge fordi vi ikkje har noko å veve dei inn i. Lat oss prøve å finne kva som bind saman teksten under. Her er eit eksempel på sjangeren eventyr som også passar bra inn i skjemaet for forteljingar.

Teksteksempel 3:

Mysene heldt ein gong møte for å finne ut kva dei skulle gjere med plageånda si, katten. Han var jo på jakt etter dei seint og tidleg, låg på lur eller lista seg etter dei utan ein lyd. Og før dei visste ordet av det, slo han kloa i ein stakkar. Mange av mysene hadde ordet og foreslo både det eine og det andre, men det var ingen som greidde å finne på noko som kunne monne på Mons.

Då var det endeleg ei ung, lita mus som foreslo at dei skulle hengje ei bjølle på katten, for då ville alt bli så bra: “Berre katten så vidt rører på seg, kjem bjølla til å klinge og varsle oss så vi kan kome oss unna,” sa ho.

Dei andre mysene syntest at det var ein strålande idé, og dei peip og hoppa og dansa av glede. Berre ei gammal mus sat stille og sa ikkje noko, men så tok ho ordet til sist: “Det er eit fantastisk godt forslag,” sa ho alvorleg, “og eg er sikker på at det vil hjelpe. Men det er berre ein ting eg må spørje om ...” “Og kva er det, då? Kom med det!” ropte mysene i kor.

“Kven skal hengje bjølla på katten?” spurde den gamle. Stilt forsvann mysene, ei etter ei, og gøymde seg i kvart sitt hòl.

Oppgåver

  1. Start med å sjå på teksten som eit teppe. Du skal ikkje lese enno. Korleis ser tekstteppet ut? Du ser at venstre sida av teksten, margen, er oppbroten fordi linjene startar på forskjellig plass. Desse linjene lagar ein ny marg fordi dei kjem rett under kvarandre. Slik blir denne teksten oppdelt i fire delar eller avsnitt med luft mellom.

  2. No kan du lese teksten høgt. Gjer ein kort stopp etter kvart avsnitt og prøv å registrere kva som skjer i kvart avsnitt. Når du les på denne måten, opplever du kanskje at kvart avsnitt heng ekstra godt saman. Avsnitta hjelper deg til lettare å forstå det du les og sjå at handlinga er oppdelt i små episodar. Prøv å gje kvar episode i denne teksten ei overskrift.

  3. Kvart avsnitt må også henge saman med det neste. Første del av setninga i andre avsnittet i teksten startar slik: “Då var det endeleg ei ung lita mus som foreslo at (...).” Setninga markerer at det skjer noko nytt, men også at det er eit framhald av det som hende i første avsnitt: Tredje avsnittet startar slik: “Dei andre mysene syntest at det var ein strålande idé, (…)”. Her ser vi at dei første orda knyter avsnittet til det som har hendt før. Vi har blitt presenterte for nokre av mysene tidlegare i teksten, no høyrer vi om “dei andre mysene”.

    For å finne om ein tekst heng saman, kan du også leite etter ein “raud tråd” av ord som går att i teksten. Det kan også vere alternative ord som tyder nesten det same eller er knytt til det same ordet. Kanskje kan du spinne ein tråd av ord som bind saman teksten om mysene og katten? Lat oss sjå om vi kan lage ein raud tråd viss vi startar med ordet katten?

    Ord i teksten som lagar ein raud tråd om katten kan vere: plageånda, han, slo kloa i, på jakt, låg på lur, lista seg, Mons, katten, katten.

  4. Prøv å lage ein tråd om mysene også.

  5. Eit avsnitt er ein stor bit av teksten. I ein slik bit finn du mindre bitar som vi kallar setningar. Det kan vere heilsetningar og leddsetningar. Setningane i ein tekst må også henge saman på ein eller annan måte. Lat oss sjå på dei to første setningane. Det første ordet i andre setninga er han. Ordet han viser til eit ord i første setninga. På den måten blir setningane knytte saman. Kven er han i første setninga?

  6. Sjå på denne perioden i teksten:
    “Mange av mysene hadde ordet og foreslo både det eine og det andre, men det var ingen som greidde å finne på noko som kunne monne på Mons.”

    Dette er ein periode som er laga av to sideordna heilsetningar med komma mellom. Ordet men er ein konjunksjon, som også kan kallast bindeord. Det vil seie at konjunksjonar blir brukte til å binde saman setningar og ord med. Konjunksjonen men viser til setninga før og får fram ei motsetning til eller ein protest på det som står der.

  7. I neste eksempel kan du finne ein annan konjunksjon mellom to setningar. Prøv å veksle mellom konjunksjonane og og men. Sjå kva det gjer med innhaldet:

    “Dei andre mysene syntest at det var ein strålande idé, og dei peip og hoppa og dansa av glede.”

  8. Når vi snakkar eller skriv, nemner vi vanlegvis det kjende først. I første setninga i teksten vår har mysene hovudrolla, mens katten kjem inn på slutten av setninga. I neste setning ser du at det er snutt på hovudet. No er katten på førsteplass i setninga. Dette er ein fin måte å skape god samanheng i ein tekst på. Sjå på den siste setninga i teksten: “Stilt forsvann mysene, ei etter ei, og gøymde seg i kvart sitt hòl.”Denne setninga viser korleis ein kan leggje vekt på noko ved å plassere det viktigaste ordet fremst i setninga. Kan du snu litt på orda i denne setninga? Synest du det forandrar innhaldet i setninga?

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa