Teksttype og sjanger

Både tekstilar og tekstar kan vevast i forskjellige mønster til ulike føremål. Eit mønster passar til fest, eit anna til kvardags. Du kan variere stoffet med tjukke eller tynne trådar, lyse eller mørke fargar. Nokre tekstilar er tunge som ullstoff, andre er lette som silke.

Slik er det med tekstar også. Mønsteret vil variere alt etter kva du vil med teksten eller kven du vil sende han til. Likevel er det nokre mønster som du kjenner att fordi dei er brukte i liknande situasjonar. Når vi snakkar om tekst, brukar vi omgrepet sjanger i staden for mønster.

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa