Nordavinden og sola krangla ein gong om kven av dei som var den sterkaste. Begge meinte dei sjølve var sterkast, og dei kunne ikkje bli samde. “Vi må finne ein måte å prøve ut dette på,” sa sola. Begge tenkte lenge på korleis kappestriden kunne gjennomførast.
Brått fekk dei auge på ein mann som gjekk på ein veg nede på jorda. Mannen hadde sveipt ei tjukk kappe rundt seg fordi det var ein kald dag.
“Den av oss som greier å få mannen til å ta av seg kappa, er den sterkaste,” sa nordavinden. Sola sa seg einig i det. Nordavinden sette i gang med å blåse. Stormskyene jaga over himmelen. Lauvet vart kvervla opp fra bakken. Trea bøygde seg i vindkasta, greiner knakk tvers av, og det vart isande kaldt.
Mannen nede på vegen vart forferda over uvêret som kom så brått. Han bøygde seg framover, drog kappa godt rundt seg og kjempa seg gjennom stormkasta.
Nordavinden sette inn alle kreftene sine for å rive kappa av mannen,
men til inga nytte. Mannen tviheldt på kappa med begge hendene. Til
slutt måtte nordavinden gi seg, og det vart sola sin tur til å prøve.

Sola kom fram bak dei mørke uvêrsskyene. Ho tok til å skine. Lufta vart varmare, og fuglane tok til å syngje. Mannen nede på vegen gledde seg over solskinet.
Etter kvart vart det så varmt at han ikkje orka å ha på seg den tjukke kappa lenger. Han tok ho av seg, og sette seg ned for å kvile i det gode vêret. “No må du vedgå at eg har vunne,” sa sola. Det måtte nordavinden seie seg samd i.