No prøver vi å dele fabelen opp i dei same delane som forteljingsskjemaet over. Legg merke til at ei forteljing vanlegvis er delt i tre hovuddelar, del A, del B og del C.
|
Del A Overskrift: Vinden og sola. Orientering: Vinden og sola kunne ikkje bli einige om kven av dei to som var den sterkaste. Sidan dei ikkje kunne bli einige, ville dei prøve kreftene i ein kappestrid. “Ser du den vandraren nede på vegen?” spurde vinden. “Den av oss som greier å få av han kleda, er den sterkaste! Er du einig?” “Det er i orden,” svarte sola. “Du prøver først!” Del B Komplikasjon: Vinden begynte å blåse av alle krefter. Stormskyer
jaga over Etter som vinden bles sterkare og sterkare, knappa mannen berre frakken tettare omkring seg og heldt han fast med hendene. Så var det sola sin tur. Ho kika fram bak ei av skyene, den kalde lufta vart snart varm, og vandraren såg opp, nokså forundra over det raske omslaget i vêret. Sola steig stadig høgare, og solstrålane varma meir og meir.
Løysing: Ved middagstid orka ikkje mannen varmen; han kasta av seg den tjukke frakken og la seg i skuggen for å kvile. Avslutning: “Eg tenkjer det beviser kven som er sterkast av oss,” sa sola – men vinden hadde jo alt gått og lagt seg. Evaluering: Ein kan vinne ved å kjempe med lempe. |
Dette skjemaet vil du finne att med små variasjonar i alle forteljingar. Fabelen “Vinden og sola” er eksempel på ein gammal sjanger som vi finn i den store sekken av forteljingar. I ein fabel er moralen tydeleg uttrykt på slutten av forteljinga, men i moderne forteljingar må du ofte leite etter moralen sjølv. Det er ikkje alltid så tydeleg å sjå kva forteljaren meiner om rett og gale.