Magnhild Bruheim (f. 1951) arbeider som radio- og TV-journalist i NRK-Oppland.
Kva må til for at forteljinga skal bli spennande? Noko blir spennande når vi ikkje veit korleis det går når ein komplikasjon eller eit problem skal løysast.
Det blir mest spennande dersom vegen fram mot ei løysing er kronglete og kanskje endar ein stad vi ikkje hadde forventa.
Skal det bli skikkeleg spennande, må forteljinga pine og lure oss og ikkje kome for tidleg med løysinga. Men først må forteljinga ha ein komplikasjon.
Les avsnitta under frå romanen Ny melding av Magnhild Bruheim. Første kapittel i forteljinga startar slik:
Modellen på bildet stirte på henne med store, tungt sminka auge. Den eine handa låg lett på hofta. Jenta var syltynn. Humøret til Bente Vessel dalte enda eit par hakk. Ho bestemte seg for å droppe kveldsmaten og bladde motlaust vidare.
Sekundet etter at det første ringjesignalet kom, hadde ho gripe mobiltelefonen som låg klar ved sida av henne på senga.
“Hei, nå står vi utanfor kinoen,” sa Kari-Marie i øyret hennar. (...)
| Oppgåve Tittelen på boka gir viktig informasjon om kva boka handlar om. Du blir sett på eit spor som fører deg vidare på jakt etter løysinga av eit problem eller ein komplikasjon, før du går over på orienteringsdelen i første avsnitt. Kva opplysningar trur du er viktige i det første avsnittet? |
Vi følgjer trådane over i komplikasjonsdelen, som endar i ein slags komplisert knute. Greier du å finne trådane i denne knuten? Kva trur du kan vere komplikasjonen i forteljinga?
“Har det skjedd noko?” spurde Martine spent da dei hadde sett seg.
Bente tok ein kunstpause før ho formanande sa: “Dette må du lova meg å ikkje seia til ei levande sjel.”
“Æresord.”
“Eg har fått tekstmeldingar frå telefonen til Kami,” kviskra ho.
“Kva?!” utbraut Martine, før ho såg stumt og forvirra på Bente med sminkelause auge.
“Ho har sendt meldingar om at alt er ok med henne. Med streng beskjed om å ikkje seia noko til andre.”
“Med andre ord ... ho har altså rømt.” Martine såg lamslått ut. “Og så vil ho ikkje at dei skal finne henne.”
“Hadde eg berre vore sikker på det. Men det verste er at eg ikkje veit om det er ho sjølv som har sendt meldingane. Eller om ho er fanga av folk som brukar telefonen hennar.”
Munnen til Martine opna seg og drog inn luft. “Ah, tenk om det ... om ho er hjelpelaust innesperra av ein som sender meldingar på telefonen om at alt er i orden.” Ho såg forstyrra på Bente. “Kva gjer du med det?”
Det var nettopp det Bente ikkje visste. Plutseleg kjende ho seg meir fortvilt enn nokon gong. Martine hadde heller ikkje råd å koma med. (...)
I ei stor forteljing, som ein roman, kan det vere fleire komplikasjonar. Kanskje finn du eit hint om det i det neste avsnittet henta frå same romanen:
I stova var fleire lampar sløkte, så dansen foregjekk i halvmørke. Bente skimta Stian og Ingrid ute på golvet. Ei perle blinka frå navlen til Ingrid. Ho var så tynn i hoftebuksa og den vesle utringa toppen over. Bente følte at pizzabitane taut ut på kroppen. Ho hadde ikkje fortalt nokon om det som skjedde mellom henne og Ingrid for eit par veker sidan. Når ho tenkte på det, vart ho så flau at det gjorde vondt i hovudet.
“Danse?” Det var Jon-Arne som stod der.
“Greitt.” Bente følgde med utan den store entusiasmen. Ho hadde på seg den kulaste toppen sin sjølv, den ho hadde kjøpt av Kami. Derfor hadde ho tatt av jakka, slik at andre skulle sjå. Ingen hadde hittil kommentert han. (...)
Det er vegen fram mot løysinga som avgjer om forteljinga blir spennande eller ikkje. Når vi les, tenkjer vi oss forskjellige vegar til løysinga. Vi leitar etter spor om lag som ein detektiv som skal løyse ei kriminalgåte. Dette held oss fast i forteljinga.
For å følgje spora og trådane vidare i romanen Ny melding, må du lese heile boka. Då får du også vite om du gjetta rett når du leita etter ei løysing på komplikasjonane i forteljinga. Kanskje ville du ha hatt ei anna løysing dersom du skulle skrive forteljinga. Du finn òg ein omtale av denne boka på nettstaden Nynorskbok.no.
Magnhild Bruheim har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å publisere desse tekstutdraga frå romanen Ny melding.