Vi har sett på korleis forteljingar er bygde opp etter
mønster med små variasjonar. Vi kan veve med mange slags trådar som
skaper variasjon og spenning i mønsteret. Det kan vi også gjere når vi
lagar forteljingar. Vi kan bruke ulike forteljemåtar.
Skildring
Lat oss sjå på nokre eksempel frå romanen Ny melding. I eksempel 7 får vi vere med inn i stova og blir presenterte for personane som er der og spenningar som byggjer seg opp mellom dei. Dette er eksempel på ein forteljemåte som vi kallar skildring eller beskriving. Når vi skal skildre noko, må vi ta i bruk sansane våre. Kva for sans er viktigast i eks. 7?
Replikkar
Ein annan forteljemåte er også brukt i eksempel 7. “Danse?” er ein liten replikk som her går inn som ein del av skildringa. Vi kan nesten høyre korleis Jon-Arne snakkar. Då får vi med ein sans til i skildringa. At dei vekslar så få ord, er også med på å fargeleggje forteljinga. Vi får vite noko om forholdet mellom dei to.
Handlingsreferat
Delar av ei forteljing er ofte eit referat der vi får vite kva som har hendt. Dette er ein forteljemåte som vi kallar handlingsreferat. Eksempel 7:
Bente følgde med utan den store entusiasmen. Ho hadde på seg den kulaste toppen sin sjølv, den ho hadde kjøpt av Kami.
Tankereferat
I forteljingar vil vi gjerne vite kva personane tenkjer. Gjennom replikkane deira får vi jo vite kva dei tenkjer også. Men andre gonger har forteljinga eit referat av tankane, altså eit tankereferat. I eksempel 6 kan du finne eit tankereferatet: Det var nettopp det Bente ikkje visste. Plutseleg kjende ho seg meir fortvilt enn nokon gong.