Alle forteljingar treng ein forteljar. I munnlege
forteljingar er forteljaren til stades og snakkar direkte til oss, men
han er ofte ikkje til stades i sjølve forteljinga. I skriftlege
forteljingar kan det vere vanskeleg å finne forteljaren, men vi kan sjå
handlinga ifrå synsvinkelen til ulike personar.
Dersom vi ser forteljinga ifrå synsvinkelen til ein “eg-person”, har vi ei førstepersonsforteljing. Forteljinga kan også bli fortalt gjennom ein person med namn eller ein “han” eller “ho”. Då kallar vi det ei tredjepersonsforteljing. I nokre forteljingar kan synsvinkelen skifte mellom ein første- og ein tredjepersonsforteljar.
|
Oppgåve Prøv å finne ut om det er førstepersonsforteljar eller tredjepersonsforteljar i |