Lat oss gå tilbake til tekstmeldinga frå vikingtida:
“Gyda seier at du må kome heim”
Passar ho inn i mønsteret for forteljingar?
Prøv å bruke punkta i forteljingsskjemaet når du skal svare på spørsmålet.
Finn du nokon komplikasjon eller løysing? Viss ikkje, kan det ikkje kallast ei forteljing.
Kanskje kan det vere ein del av ei forteljing eller bli til ei forteljing, men då må du dikte vidare sjølv.
Slik det står her, høyrer det til i ein annan sjanger. Vi kan kalle det ei melding eller ein beskjed, eller kanskje det er ein ordre. Vi veit ikkje kven Gyda er eller kven som må kome heim. Teksten manglar opplysningar om kva som har hendt sidan nokon må kome heim. Skal tru kvar dette går føre seg? Her er mange tome rom i teksten som må fyllast ut.
|
Oppgåve Ta utgangspunkt i meldinga frå Gyda og lag ei heil forteljing. Då må du veve inn dine eigne trådar som viser ein konflikt og korleis den blir løyst. Prøv å få med orientering og avslutning i forteljinga også. Sjå på eksempeltekstane. Du kan lage ei munnleg eller ei skriftleg forteljing. Hugs at skjemaet er det same. |
Slik skriv du inn bokstavar
Vanlegvis bruker du taltastane på tastaturet til å skrive inn telefonnummer,
men du kan også bruke dei til å skrive inn bokstavar. Når du vel
STORE, går tastaturet automatisk over i alfabetmodus. Skriv inn
bokstavane ved å trykkje på den relevante taltasten ein, to eller
tre gonger, avhengig av kva bokstav du treng.
|
Oppgåve Ein tekst som gir oss melding om noko eller forklarar korleis vi skal få noko til å fungere, kallar vi ein instruksjon eller ein forklarande tekst. Kva meiner du teksten over prøver å forklare? |
Nynorskordboka kan vere eit svært nyttig hjelpemiddel når du skal sjekke rettskrivinga i ein tekst. Den nettbaserte ordboka set fart på arbeidet ditt. Det går fortare å sjekke rettskrivinga med denne ordlista enn med vanlege ordbøker.
På vevsida til
Norsk Nettskole kan du sjå og høyre ein munnleg instruksjon.
|
Oppgåve Teksteksempel 8b kan vi kalle ein multimodal eller samansett tekst. Du kan klikke på peikarane i teksten og dessutan få ein instruksjon på video. Kva får du instruksjon om i den samansette teksten i eksempel 8b? Notér stikkord. |