C. Argumentasjon

Vi er ofte i situasjonar der vi leitar etter gode argument. Går vi tome for argument i ein diskusjon, ligg vi dårleg an. For nokon kan knyttneven vere eit alternativ, men det er ikkje eit argument.

Ein diskusjon er ein argumenterande tekst. Av og til endar det i ein krangel. Det er ein annan sjanger i same gruppa. I ein argumenterande tekst vil emnet vere konsentrert om eit problem som må formulerast i teksten. Nynorsksenteret har utarbeidd ei samling med frasar og uttrykk som kan vere til god hjelp når du skal skrive argumenterande tekstar.

Lat oss sjå på eit eksempel på ein argumenterande tekst.

Teksteksempel 9:

Oppgåver

  1. Kva er hovudemnet i denne teksten? Kvar finn du det formulert i teksten?
  2. Kva er problemet eller spørsmålet som forfattaren tek opp?
  3. Kva argument har forfattaren? Skriv det viktigaste argumentet først.
  4. Nytt formuleringar frå frasesamlinga til å skrive ein argumenterande tekst.
 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa