D. Deskripsjon

Kan du beskrive håret ditt eller håret til eit menneske du kjenner godt? Skal du beskrive noko, må du ta i bruk sansane dine og prøve å setje ord på korleis noko ser ut, luktar, høyrest ut, kjennest ut eller kanskje smakar. Tenk deg at du kan måle med ord slik at vi ser for oss eit bilete av det du prøver å beskrive for oss. Ofte hjelper det å samanlikne med noko som vi kanskje kjenner til. Vi ser på eit par eksempel på det som blir kalla deskripsjonar eller beskrivande tekstar. Først skal du få lese korleis Einar Økland kan beskrive eit hår.

Teksteksempel 10: Frå Siste time av Einar Økland

Grønt hår

Det mjuke håret sitt var det Bodil lika best. Ho hadde ingen ting ho lika betre. Håret forandra seg alltid. Men det var alltid hos henne. Ho kunne kjenne det når ho vakna.

Ho kunne kjenne det når ho hadde vore ute i vinden. Av og til var håret vått og tungt. Andre tider var det tørt og lett. Håret kunne knitre og stikke henne i fingertuppen. Det kunne også vere seigt, og like trist som henne. Men så kunne det vere glatt og godt.

Og håret kunne lage underlege svingar og krøller. Alt saman kunne ho kjenne med handa. Og med ansiktet. Ja, ho kjende det med heile seg. Slik hadde ho det. Men Bodil kunne ikkje sjå håret sitt. Bodil var blind og hadde alltid bore blind. (...)

Oppgåver

  1. Kva sansar brukar Bodil når ho skal beskrive håret sitt?
  2. Kva for sans kan ho ikkje bruke?
  3. Trur du at du brukar sansane på ein annan måte dersom du har fått øydelagd ein av dei?
  4. Kor mange sansar greier du å bruke for å beskrive ditt eige hår? Skriv ein liten beskrivande tekst.

Teksteksempel 11: Frå Siste time av Einar Økland

Varm dusj

Ver glad det ikkje var du som måtte høyre på. Han snakka som ein hakkespett med hikke i første gir. Atten rotter hadde ikkje greidd å stoppe han. Ikkje om dei hadde brukt havregraut med hår på. Munnen stod ikkje oppe og stod heller ikkje igjen på han. Den gjekk og den gjekk – der hadde det ikkje vore godt å vere tyggegummi, det skal eg helse og seie. Ein blir trøtt i kjakane berre av å sjå på. Men lyden var verst. Har du blitt dusja i øyrene med varmt sukker? Akkurat sånn kjendest det. Så eg stakk like godt av, eg: “Adjø, lærar!” Nei, det sa eg ikkje høgt, for då ville eg ikkje ha fått til det eg fekk til: Sakte men sikkert var eg brått borte.

Oppgåver

  1. Finn eksempel på samanlikningar i teksten.
  2. Kva er det teksten prøver å beskrive?
  3. Finn eksempel på korleis ulike sansar blir brukte i beskrivinga.

Einar Økland har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å publisere desse teksteksempla.

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa