Ei utgreiing er ein tekst der ein blir sett inn i ei sak eller eit fag på ein grundig måte. I avisene finn du fleire sjangrar som høyrer til denne gruppa av tekstar.
Ein artikkel eller ein kronikk er slike sjangrar. Dei er ofte skrivne av fagfolk som har studert eit fagområde og veit mykje om det. I lærebøkene dine på skulen finn du også mest utgreiingar i eit fag. Det du les på skjermen akkurat no, er også ei utgreiing om ulike teksttypar.
Oppgåve
|
|
Presentasjon av temaet |
Humor og latter er ein viktig del av flørtinga og kan bane vegen for ein skikkeleg heit romanse, skal vi tru nettstaden forskning.no. |
|
Utgreiing om temaet |
To nye studiar dokumenterer nemleg sanninga i at kvinner likar morosame menn, og at menn likar kvinner som ler av vitsane deira. Dette skriv tidsskriftet Nature. Du treng såleis ikkje ha utsjånad som ei filmstjerne for å kapre draumepartnaren. God humoristisk sans signaliserer nemleg at du har eit svært bra potensial som kjærast. Greier du å få damene til å opne latterdøra, er det stor sjanse for at dei andre dørene går opp av seg sjølv. |
|
Dokumentasjon |
Undersøkinga er gjennomført ved eit amerikansk og eit kanadisk universitet, Westfield State College i Massachusetts i USA og McMaster University i Canada. Fleire hundre collegestudentar var med i feltarbeidet. |
|
Konklusjon |
(NPK) |
Teksteksempel 12 b: Cola gir svake kvinnebein
Ein stor studie i USA viser at høgt inntak av cola-drikker som Coca-cola og Pepsi-cola gir dårleg beintettleik hos kvinner og aukar risikoen for beinskøyrleik, også kalla osteoporose.
Gjennom 50 år har forskarar undersøkt tre generasjonar av innbyggjarane i den vesle amerikanske byen Framingham nær Boston.
Forskarane har til no følgd over 10 000 menneske i Framingham, studert livsstilen deira, teke medisinske testar, lagra vevsprøvar og kartlagt matvanane deira. Beintettleiken hos alle saman er målt ved å ta prøvar frå ryggrada og hoftene.
Resultatet fortel at kvinner, men ikkje menn, som drakk mykje cola-drikk, har mindre beintettleik.
Dess meir cola, dess dårlegare bein. I gjennomsnitt var beintettleiken 3–5 prosent mindre for dei kvinnene som drakk cola kvar dag, samanlikna med dei som drakk denne drikken ein gong i månaden.
Forskarane har førebels inga forklaring på resultata. Men dei tilbakeviser ein populær påstand: at brusdrikking gjer at menneske drikk mindre mjølk med viktige D-vitamin. Det stemte nemleg ikkje.
Kartlegginga viser at brusdrikkinga vart tredobla mellom 1960 og 1990. Meir enn 70 prosent av dette konsumet er cola-drikker som har høgt innhald av koffein og fosforsyre, skriv Svenska Dagbladet.
(NPK)
Nynorsk Pressekontor har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å bruke desse tekstane.