Når vi skriv eller snakkar, kan vi velje blant alle
desse teksttypane eller blande dei alt etter kva vi ønskjer å uttrykkje.
Då oppstår det gjerne sjangrar som vi kjenner att fordi vi har sett
eller høyrt dei før.
Andre gonger bryt vi med det sjangermønsteret som er mest vanleg, og då har vi kanskje skapt ein heilt ny sjanger. Det er viktig å kjenne til kva sjangrar som blir forventa i ulike samanhengar, men det kan også vere spennande å prøve å gå på tvers av forventningane av og til.