“Mat” frå Verdt å vite (trur eg) av Ragnar Hovland.
Mat
Først synest ein at det finst to slags mat: god og vond. Seinare oppdagar ein
at ein eigentleg liker mykje av den maten ein før syntest var vond. Det
er ei naturleg utvikling.
I ein periode i ungdommen er måltid uviktige. Ein slenger i seg ein pizza (sjå: Pizza) eller ein burger (sjå: Hamburger) berre for å få seg noko i magen. Seinare blir måltida viktigare og nesten eit mål i seg sjølv (sjå: Kjærast).
Det er mykje rart ein kan ete om ein berre har viljen til det. I Kina et dei t.d. slangar. Og vi kan ikkje vite om hoggorm eigentleg er godt. Ein hoggormburger?
For berre 20 år sidan var maten her i landet ganske kjedeleg. Det var stort sett kjøtkaker. Godt, men kjedeleg. I dag kan vi få mat frå heile verda. Likevel et dei fleste stort sett pizza.
Oppgåve Teksten er henta frå ei bok som gjev seg ut for å vere ei oppslagsbok der oppslagsorda er førte opp alfabetisk som i eit leksikon. Oppslagsverk er tekst som skal gi informasjon som minst mogleg skal vere farga av meininga til forfattaren. Vi seier at slike tekstar er informative. Diskutér om dette oppslaget om mat er ein informativ tekst, eller om teksten bryt med sjangerforventningane våre. |