Om munnlege tekstar

Til no har vi sett på tekstar som er skrivne med skriftteikn. Du har lese desse tekstane på ein skjerm, men andre gonger les du på eit papir. Når vi snakkar, lagar vi også tekstar.

Dei munnlege tekstane passar også inn i ulike mønster. Det vil seie at vi har munnlege teksttypar og sjangrar til liks med skriftlege teksttypar og sjangrar. Munnlege tekstar kan vere forteljingar, instruksjonar, argumentasjonar, deskripsjonar og utgreiingar. Ofte er det ein kombinasjon av fleire teksttypar. No skal du få lytte til eksempel på munnlege tekstar. Dessutan får du sjå eksempel på nokre tekstar som ligg i grenselandet mellom tale og skrift.

Samtalen er ein måte å nå fram til andre på. Ordet samtale tyder at du talar saman med nokon. Når du skriv, må du tenkje nøye over kvart ord og kvar setning før du set dei på papiret. Det treng du ikkje når du snakkar. Tankane dine kjem på same tid som orda dukkar opp. Ja, kan du eigentleg greie å tenkje utan ord? Du kan prøve. Det blir i alle fall vanskeleg å fortelje andre om kva du tenkjer. Ofte kan meiningane dine bli til undervegs etter at du har høyrt på andre og kome med nye innspel.

Når vi uttrykkjer oss munnleg, er vi oftast saman med den eller dei vi snakkar med. Vi treng ikkje å vente på svar som når vi skriv brev, men får ein eller annan respons med ein gong. Kanskje ikkje alltid det svaret vi ønskjer, men eitt eller anna som vi kan tolke og tenkje vidare på.

Du har sikkert opplevd at nokon ikkje forstår kva du meiner, eller rett og slett misforstår. Har du samtalepartane rundt deg, kan du prøve å rette opp og forklare ein gong til, ja, du har jamvel fleire slag språk å hjelpe deg med.

Kroppsspråket ditt kan kome godt med når noko skal oppklarast og utdjupast. Orda dine blir alltid farga av dei signala kroppen din sender ut. Prøv gjerne å seie same setninga med ulike ansiktsuttrykk. Kanskje er ikkje eit smil alltid like passande heller?

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa