Du har lært om skriftlege sjangrar tidlegare i dette kurset. Men sjangrar er mykje meir. Det du gjer akkurat no, er også ein sjanger.
Dersom du les i læreboka di, er det ein sjanger.
Bråkar du, er det ein annan sjanger.
Men ein sjanger er ikkje ei fast form som du kan fylle med ord og teikn
eller handling. Du brukar alltid ein sjanger anten du vil eller ikkje.
Nokre sjangrar ser vi som skrivne tekstar, andre sjangrar blir til av
munnlege eller samansette tekstar. I ein multimodal tekst kan du
kombinere t.d. bilete, lyd, film og Internett og få ein samansett tekst.
Ein skriftleg sjanger er ikkje det same som ein munnleg sjanger. Du har sikkert sett at sjangeren prosjektarbeid kan endre seg mykje frå den skriftlege teksten til det blir framført munnleg for klassen. Synest du at alle framføringar er same sjanger? Ein samtale med legen blir ein annan sjanger enn ein venninneprat i friminuttet. Kvifor det? Kan du prøve å beskrive dei to sjangrane? Finn eksempel på sjangrar som blir til rundt deg.
Du ser at sjangeren er avhengig av kva situasjon du er i. Sjangrane endrar seg ofte når dei skiftar scene. Kva meiner du om t.d. ein rap eller ein poplåt? Blir sjangeren endra om denne musikken eller teksten blir brukt på skulen?
Det er vanskeleg å plassere sjangrane i avgrensa båsar. Ofte blir munnlege og skriftlege sjangrar blanda. Å bruke språket munnleg og skriftleg er ikkje berre ferdige produkt, men måtar å arbeide på når vi skal lære og utvikle oss som menneske.
Oppgåve
|