Vi har sett at munnleg språk har nokre kjenneteikn som skil det frå skriftspråk. Men kanskje kjenner du andre måtar å prate saman på som liknar både på skrift og tale? Kva med e-posten eller tekstmeldinga du sender? Kva meiner du om ein telefonsamtale eller chatting på nettet? Kva tyder eigentleg chatting, forresten?
Kan du fortelje eit eventyr? Dersom du ikkje hugsar det, kan du lese
eventyret i ei eller anna bok. Slik var det ikkje då eventyra vart til.
Ein høyrde nokon fortelje, og så måtte ein hugse for å kunne fortelje
det vidare. For at teksten skulle vere lett å
hugse, vart eventyra laga
etter visse mønster. Både forma og innhaldet gjorde at ein lettare hugsa
teksten. Det var lett å få oversikt over personane, for dei var få og
anten gode eller vonde. Det dei sa var gjerne faste replikkar som vart
tekne opp att med små variasjonar.
Anna folkedikting hadde rim og rytme og vart ofte både sungen og dansa til. Då gløymde ein ikkje så lett. Dei same verkemidla nyttar dei i dag i reklamebransjen for å få oss til å leggje merke til den vara dei vil selje.
Mange tekstar har eit munnleg preg fordi dei snakkar til oss nesten på same måten som munnlege tekstar gjer. Les teksteksempel 19 frå Bjørn Sortland si bok 12 ting som må gjerast rett før verda går under. Kva er det som gjer at vi opplever denne skrivne teksten nesten som ei munnleg forteljing?