Frå Bjørn Sortland si bok
12 ting som må gjerast rett før verda går under.
Kva er det som gjer
at vi opplever denne skrivne teksten nesten som ei munnleg forteljing?
Alt eg gjer er å lengta, eg lengtar etter å kjenna noko skikkeleg, eg kunne godt ha tenkt meg å ha skikkeleg kjærleikssorg eller noko. (Ikkje slik som Anette i klassen som har kjærleikssorg annankvar dag. Men noko slikt som Billie Holiday syng om. Eg har funne ho i cd-samlinga til pappa, Lady sings the blues (...)
Eg lengtar også etter å reisa utan bagasje og ha kjærleikssorg, trur eg. Kanskje er dette med kjærleikssorg mykje verre enn eg trur, eg har aldri hatt kjæreste. Men det ville i alle fall vore noko, noko skikkeleg. (Billie Holiday døydde visst svært einsam og utan kjæreste.)
Oppgåve Kvifor trur du forfattaren har brukt parentesar i teksten? Ville du merke parentesane på nokon måte dersom han skulle fortelje teksten munnleg? |
Bjørn Sortland har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å bruke dette utdraget frå 12 ting som må gjerast rett før verda går under.