Teksteksempel 20

Frå Bjørn Sortland si bok 12 ting som må gjerast rett før verda går under.

– Therese, høyrer eg mamma seia gjennom øyreproppane mine. – Det er noko eg må snakka med deg om.

Eg høyrer straks på stemma hennar at det er noko. Noko. Noko eg ikkje vil høyra, noko alvorleg, noko som gjer at alt faktisk kan bli enda verre enn denne hausten.

Oppgåve

Her ser du at forfattaren har brukt eit anna verkemiddel for å framheve eit viktig ord. Korleis ville du ha fått fram det same dersom teksten var munnleg?

Bjørn Sortland har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å bruke dette utdraget frå 12 ting som må gjerast rett før verda går under.

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa