Rune Belsvik si bok Verdas mest forelska par har også ein munnleg stil.
Dei gjekk inn på badet og stilte seg opp side ved side ved den vesle vasken
for å pussa tennene. Dei sløste med tannkremen, for dei likte å
konkurrera om kven som ville få det største skummet ut av munnen. Det
var om å gjera å la tannkosten gå fort fram og tilbake over tennene, så
tannkremen blei piska godt opp.
Dei såg kvarandre i spegelen. Dei skreiv ikkje opp kven som vann. Det enda med at dei lo så skumsprøyten sto. Så tørka dei opp det verste sølet og blåste kvarandre i øyro med den gode anden dei hadde fått. Først blåste Bidger i Esmiluni sitt øyra. Så blåste Esmiluni i Bidger sitt øyra. Det var så godt, så godt. Det kitla og suste.
Oppgåve Slike setningar som du finn her, kjenneteiknar ein munnleg forteljestil. Ein munnleg forteljestil har mange like eller såkalla sideordna setningar utan for mange forklarande tillegg i leddsetningar. Du kjenner kanskje nokre konjunksjonar, som bind saman sideordna setningar. Finn du slike her? |
Rune Belsvik har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å publisere dette utdraget frå boka Verdas mest forelska par.