Når du skriv ein tekst til nokon, kan du vere usynleg for den som mottek teksten. Det er umogleg når du skal fortelje noko munnleg. Du er saman med den som skal høyre forteljinga di. I forteljinga om Esmiluni og Bidger prøver forteljaren å vere til stades saman med deg som lesar.
Oppgåve Korleis gjer forteljaren seg synleg i eksempelet nedanfor? |
No trur du kanskje Bjørn Disel var på bensinstasjonen og selde bensin og smågodt denne dagen?
At han stod der og var skiten og fæl på nevane, og berre lengta etter Esmiluni som han var så ulukkeleg forelska i?
Nei.
Bjørn Disel var ein luring.
Du har no sett eksempel på korleis ein skriven tekst kan nærme seg munnleg talemåte. Slike verkemiddel brukar du sikkert sjølv når du skal prøve å prate med nokon gjennom det du skriv. Når du skriv, er det viktig at du vel om du vil ha ein munnleg eller ein skriftleg stil. Dersom du eksperimenterer med dette, vil du sikkert finne ut meir om kva som er skilnaden på skriftleg og munnleg tekst.
Rune Belsvik har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å bruke dette tekstutdraget frå boka Verdas mest forelska par.