Om samansette tekstar

I dette kapitlet skal vi hente fram nokre av dei samansette tekstane vi har presentert i dette kurset. Samansette tekstar er gjerne multimodale, det vil seie at dei kan vere samansette av lyd, bilete, film, eller lenkjer frå Internett. Ofte er musikk ein del av den samansette teksten.

Når du t.d. går inn på eit nettkurs i nynorsk, brukar du ein samansett tekst. Her tek vi i bruk datateknologi og lagar hypertekst som du kan lese på ein annan måte enn ein læreboktekst. Kva er skilnaden på lesemåten? Du kan også øve deg på dei interaktive oppgåvene og få sjekke svaret ditt med ein gong. Slike oppgåver kan berre brukast når svaret er rett eller gale. Kva slag oppgåvetypar meiner du kan ikkje vere interaktive?

Nettkurset har mange teksteksempel som er henta frå www.magasinett.no. Ved å klikke på denne lenkja kjem du rett inn på heimesida til eit nettmagasin for ungdom. Her finn du både diskusjonar og artiklar om aktuelle ungdomstema og meldingar av filmar og bøker for ungdom. Du kan også ta del i diskusjonar og skrive tekstar sjølv.

Vi har også laga lenkje til Nynorskordboka, der du lett kan slå opp. Norsk Nettskole har laga eit lite kurs i korleis du kan bruke Nynorskordboka.

Film kan du både lese om i www.magasinett.no  (“Mot røkla”) og sjå som små filmutdrag, eller det vi på fagspråket kallar trailer, som er henta frå nettet. (UNO)

Eit anna eksempel på samansett tekst er reklametekstar. Sjå teksteksempel 24. Korleis forstår du desse reklametekstane?

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa