Om nynorske tekstar

Du har til no lese om kva ein tekst er og har også lese tekstar i ulike sjangrar på nynorsk. I tillegg har du lytta til munnlege tekstar.

Nynorsk er eit skriftspråk, og difor er ein munnleg tekst sjeldan nynorsk eller bokmål. Munnleg språk kan vere norsk eller andre språk i ulike talemålsvariantar.

Talemålet vårt er farga både av kvar vi bur, kva sosial eller etnisk gruppe vi høyrer til og kanskje kvar vi budde då vi var barn. Men sidan nynorsk er bygd på norske dialektar, vil mange kjenne att både ord og setningsbygnad frå talemålet sitt i nynorsk.

I dette kapitlet skal vi sjå meir på kva som kjenneteiknar ein nynorsk tekst, og då tek vi utgangspunkt i skriftlege tekstar på nynorsk. Vi hentar fram att nokre av teksteksempla som vi har vore innom i første del av kurset.

Først leitar vi etter ordklasser og plasserer dei i rett bøyingsskjema. Vi konsentrerer oss først og fremst om ord og bøyingsformer som du må leggje merke til fordi dei er litt annleis på nynorsk enn på bokmål.

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa