Substantiv har tre grammatiske kjønn på nynorsk: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Det kan dei også ha på bokmål, men legg merke til at endingane i hankjønn og på fleirstavingsord i inkjekjønn er annleis på nynorsk enn på bokmål. Finn ut kva som er skilnaden. |
Grønt hår av Einar Økland
Det mjuke håret sitt var det Bodil lika best.
Ho hadde ingen ting ho lika
betre. Håret forandra seg alltid. Men det var
alltid hos henne. Ho kunne kjenne det når ho vakna. Ho kunne kjenne det
når ho hadde vore ute i vinden. Av og til
var håret vått og tungt. Andre tider var
det tørt og lett.
Håret kunne knitre og stikke henne i fingertuppen. Det kunne også vere seigt, og like trist som henne. Men så kunne det vere glatt og godt. Og håret kunne lage underlege svingar og krøller. Alt saman kunne ho kjenne med handa. Og med ansiktet. Ja, ho kjende det med heile seg. Slik hadde ho det.
Men Bodil kunne ikkje sjå håret sitt.
Bodil var blind og hadde alltid vore blind.
|
EINTAL |
FLEIRTAL |
||
Ubunden form |
Bunden form |
Ubunden form |
Bunden form |
ein vind |
vinden |
vindar |
vindane |
ei krølle |
krølla |
krøller |
krøllene |
eit hår |
håret |
hår |
håra |
Oppgåver
|
Les meir om substantiv på sidene til Norsk Nettskole.
Einar Økland har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å publisere desse teksteksempla.