Om verb

Verb kan bøyast i eit presenssystem (presens, presens perfektum og presens futurum) eller i eit preteritumssystem (preteritum, preteritum perfektum og preteritum futurum).

Viss du ser på teksten “Grønt hår” av Einar Økland, ser du at alle verba passar i preteritumssystemet. Verb fortel oss noko om forholdet mellom handling og tid. Dette kallar vi tempus i grammatikken. Presenssystemet og preteritumssystemet er to ulike tempus.

GRØNT HÅR

Det mjuke håret sitt var det Bodil lika best. Ho hadde ingen ting ho lika betre. Håret forandra seg alltid. Men det var alltid hos henne. Ho kunne kjenne det når ho vakna. Ho kunne kjenne det når ho hadde vore ute i vinden. Av og til var håret vått og tungt. Andre tider var det tørt og lett.

Håret kunne knitre og stikke henne i fingertuppen. Det kunne også vere seigt, og like trist som henne. Men så kunne det vere glatt og godt. Og håret kunne lage underlege svingar og krøller. Alt saman kunne ho kjenne med handa. Og med ansiktet. Ja, ho kjende det med heile seg. Slik hadde ho det.

Men Bodil kunne ikkje sjå håret sitt.

Bodil var blind og hadde alltid vore blind.

Nokre verb har ending i preteritum, andre har ikkje ending. Verb med ending i preteritum er svake, dei andre er sterke. Når vi skal finne ut kva som er ending, finn vi først stammen ved å ta bort endinga –e i infinitiv. Stammen av verbet kjenne er kjenn. Det som kjem etter kjenn, kallar vi ending.

A-verb kallar vi dei svake verba som får endinga -a i preteritum. Berre dei får -ar i presens! E-verb er alle dei andre svake verba!

Infinitiv

forandre

kjenne

sjå

Presens

forandrar

kjenner

ser

Preteritum

forandra

kjende

såg

Presens perfektum

har forandra

har kjent

har sett

Preteritum perfektum

hadde forandra

hadde kjent

hadde sett

Presens futurum

skal forandre

skal kjenne

skal sjå

Preteritum futurum

skulle forandre

skulle kjenne

skulle sjå

Reglar

Oppgåver

Teksten “Grønt hår” er skriven i preteritumssystemet.

  1. Prøv å forandre verba slik at du får ein tekst i presenssystemet.
  2. Kva for verb i skjemaet over er sterke?

Les meir om verb på sidene til Norsk Nettskole.

Einar Økland har gjeve Nynorsksenteret og Norsk Nettskole løyve til å publisere desse teksteksempla.

 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa