Pronomen er ei ordklasse som kan stå i staden for eit substantiv, det vil seie namnet på nokon eller noko.
Dette ser du i teksteksempelet “Grønt hår”: Pronomenet ho står i staden for namnet “Bodil”.
Kva for eit pronomen kan stå i staden for substantivet
“hår”?
Pronomen har éi form når det er subjekt i ei setning og ei anna form når det er objekt.
Eksempel på subjektsform:
“Ho hadde ingen ting ho lika betre.”
Ho er subjekt i setninga.
Eksempel på objektsform:
“Håret kunne knitre og stikke henne på fingertuppen.”
Henne er objekt i setninga.
Eintal |
Fleirtal |
|||
Person |
Subjektsform |
Objektsform |
Subjektsform |
Objektsform |
1. person |
eg |
meg |
vi |
oss |
2. person |
du |
deg |
de |
dykk |
3. person |
han |
han |
dei |
dei |
Oppgåver
|
Les meir om pronomen på ressurssidene til Norsk Nettskole.