Om spørjeord

Spørjeord kan høyre til i forskjellige ordklasser. Nesten alle spørjeorda begynner med k. Kan du kome på eit spørjeord som begynner med n?

Nokre spørjeord på bokmål har vi ikkje på nynorsk, men må skrive om med andre ord. Slike spørejeord er ‘hvilken’ (hankjønn og hokjønn), ‘hvilket’ (inkjekjønn) og ‘hvilke’ (fleirtal). På nynorsk kan vi skrive ‘kva’, ‘kva for ein’, ‘kva for ei’, ‘kva for eit’ og ‘kva for nokre’.

Dei sløste med tannkremen, for dei likte å konkurrera om kven som ville få det største skummet ut av munnen. Det var om å gjera å la tannkosten gå fort fram og tilbake over tennene, så tannkremen blei piska godt opp. Dei såg kvarandre i spegelen. Dei skreiv ikkje opp kven som vann.

Oppgåver

  1. Finn spørjeorda i teksten over.
  2. Bruk spørjeorda og lag fleire spørsmål til teksten.
    1. Kva ...
    2. Kvifor ...
    3. Korleis ...
    4. Kven ...
    5. Kor mange ...
    6. Kvar ...
  3. Omset til nynorsk:
    1. Hvilken dag er det i dag?
    2. Hvilket fylke bor du i?
    3. Hvilke språk forstår du?
 
© 2006 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa