I dette nynorskkurset har du kanskje kome over ord og uttrykk som du
ikkje brukar på bokmål. Viss du samlar dei i ein ordbank, kan det gje
deg ei god oversikt over viktige ord på nynorsk.
Dessutan kan du finne dei att både i tekstane og på eigen konto i ordbanken. Det kan vere lurt å samle dei i alfabetisk rekkefølgje. Hald fram på denne lista etter kvart som orda dukkar opp. Du kan gjerne skrive kva desse orda heiter på bokmål i parentes.
På denne lista har vi sett opp presensforma av verba for at du skal leggje merke til endinga i presens.
de (dere)
dei (de)
dykk (dere)
eg
heiter
ho
ikkje
kor
korleis
kva
kvar
kvarandre
kven
kvifor
leitar
meiner
namn
oppgåve
ovanfor
seier
tenkjer
Denne lista har Språkrådet laga.