Eit kjærleiksdikt av Ivar Aasen
Først skal du få lese diktet “Saknad” av Ivar Aasen (1813–1896). Du kan også lytte til ei innspeling av songen frå musikalen Grammatikk og kjærleik på sida til Nynorsksenteret.
Saknad
Eg veit so vel, det finst ein Skatt,
som vel eg hava maatte;
Og ingen mann det vilde skadt,
um eg den skatten aatte.
Og fann eg den, var allting vel;
eg skulde vera rik og sæl.
Men aldri veit eg Grunnen,
der han skal verda funnen.
Eg veit so vel, det finst ein Stad,
kann henda nær ved Sida,
der vist eg skulle verda glad
og gløyma burt all Kvida.
Og kom eg der, so fekk eg naa
den ting, som mest eg sakna maa.
Men det er heile Skaden:
eg finner aldri Staden.
Eg veit so vel, det finst ein Barm
med same Kjensla inne,
med same Hug og same Harm
og same Von og Minne.
Og fann eg den, vardt allting rett,
og Livet skulde skrida lett.
Men det er verst aa minnast:
me skulo aldri finnast
Ordforklaring: hava=ha, åtte=eigde, sæl=lykkeleg, verda=verte, burt=bort, kvida=sorg, barm=bryst eller bringe, hug=lyst, harm=sorg, von=håp, vardt=vart, skrida=gå, skulo=skulle, finnast=møtast. |
Ivar
Aasen vert kalla far til nynorsken, men på hans tid var namnet på
skriftspråket han laga, landsmål. Du ser at rettskrivinga til Aasen
var litt annleis enn moderne nynorsk. Bokstaven å t.d., har kome til
seinare, så Aasen skreiv denne lyden med dobbel a. På den tid skreiv
dei også alle substantiva med stor bokstav. Kjenner du til språk som
har denne regelen i dag?
Sjølv om du ikkje skjønar alle orda i Aasen sin tekst, kan du kanskje greie å finne meininga ifrå samanhengen. Det er lov å gjette også. Prøv å svare på spørsmåla under:
Kva er det eg-personen saknar trur du?
Kva er problemet hans?
Korleis beskriv han det han saknar?
Tenk deg at du skal gjengi innhaldet i denne songen med dine eigne ord. Skriv og fortel om det eg-personen seier i songen. Du kan begynne slik: Han seier at han veit at det finst ein skatt som han gjerne skulle ha fått tak i ...
Øv deg på å lese teksten høgt slik at du får fram den faste rytmen i diktet.