Didaktisk refleksjon | Oppbygging av nettkurset | Vegvisar
Det moderne samfunnet krev menneske som meistrar språk og tekst med utgangspunkt i skriftleg, munnleg og samansett tekst. Kunnskapsløftet legg vekt på at det skal leggjast til rette for at barn og unge får eit medvite forhold til det språklege mangfaldet i landet vårt og lærer å skrive både bokmål og nynorsk.
Elevane skal kunne
(Frå Kompetansemål etter 10. årstrinn, Læreplan i norsk)
Nynorsksenteret kan tilby eit kurs om tekst og tekstgrammatikk med utgangspunkt i nynorsk tekst. Kurset gjev ei enkel innføring i teksttypar og sjangrar, med eksempel frå moderne nynorsk skjønnlitteratur og sakprosa. Teksteksempla er også grunnlag for å lære om det nynorske formverket. Eit nettkurs gjev rom for å ta i bruk både skriftleg-, munnleg- og samansett tekst. Vi har fått løyve til å bruke lydfiler frå NRK Sogn og Fjordane, og har også henta tekstmateriale frå nettmagasinet Magasinett og andre nettstader der vi m.a. har tilgang til film, musikk og annan samansett tekst.
Nynorsksenteret har med dette nettkurset lagt til rette for å kunne hjelpe skulen med å realisere kompetansemåla etter 10. årstrinn (jf. sitat), men kurset kan også vere eit differensieringstilbod på andre klassetrinn. Både elevar med nynorsk som sidemål og hovudmål kan ha nytte av kurset.
I tilknyting til nettkurset kan vi også tilby kurs for lærarar. Det vil bli lagt vekt på å vise korleis nettkurset kan relaterast til kompetansemåla i Kunnskapsløftet.
Som lærar må du til ei kvar tid gjere didaktiske val. Det vil seie at du må kunne grunngje kvifor du t.d. vil bruke ein tekst og ikkje ein annan, korleis du vil arbeide med teksten, og kva du vil med oppgåvene til teksten. Kva vil du at eleven skal lære? Kvifor trur du at han lærer dette? Lærer alle elevane dine på same måten? Vil du at alle elevane skal lære det same? Dette er eksempel på didaktiske spørsmål du må stille som lærar.
I arbeidet med å utvikle nettkurset På nynorsk har eg også gjort mange didaktiske val. Men eg kan ikkje vere sikker på at mine vurderingar blir forstått slik som eg hadde tenkt det. Det er heller ikkje mine refleksjonar som er det viktigaste. Kanskje har du som lærar mange idear om korleis du vil bruke kurset som eg ikkje har tenkt på. Det er du som skal grunngje vala dine. Likevel kan eg dele nokre av mine tankar for å setje i gang didaktiske refleksjonar. Eg presenterer tankane mine som svar på spørsmål.
Spørsmål 1: Kvifor lage eit nettkurs?
Svar: Samansett tekst (multimodal tekst) er eit hovudområde for norskfaget i Kunnskapsløftet. Difor må elevane møte lærestoff presentert som samansett tekst. Nettkurset vil gje elevane høve til å lære å bruke lesestrategiar som høver på slike tekstar.
Spørsmål 2: Kvifor lage eit kurs i nynorsk med utgangspunkt i nynorske tekstar?
Svar: Lese- og skriveforsking viser at vi lærer å skrive først og fremst gjennom å lese meiningsfulle tekstar. Ved å lese tekstar i ulike sjangrar på nynorsk, kan elevane få kunnskapar både om tekst og om nynorsk formverk. Språk lærer vi gjennom aktivitetar der vi prøver å skape meining i ulike teksttypar som vi møter både som munnlege, skriftlege og samansette tekstar (sjå kompetansemåla i innleiinga).
Spørsmål 3: Kvifor ikkje lage eit kurs i nynorsk grammatikk med reglar og unntak frå reglar?
Svar: Vi har ikkje noko forsking som kan dokumentere at vi lærer språk gjennom å lære grammatiske bøyingssystem og reglar. Nynorsk språk er eit levande språk som blir brukt i skriftleg tekst. Vegen til å lære nynorsk går først og fremst gjennom dei nynorske tekstane. Ved å fokusere på språklege funksjonar i teksten, kan vi også lære grammatikk.
Spørsmål 4: Korleis kan elevane lære noko om språk og tekst? (jf. kompetansemåla)
Svar: Elevane kan lære om strukturar i tekst i møtet med tekst. For å lære om sjangrar må dei lese og samanlikne eit mangfald av sjangrar. Gjennom teksteksempel kan dei få hjelp til å sjå korleis tekstar er bygde opp både på makro- og mikronivå.
Spørsmål 5: Korleis kan elevane lære å skilje mellom nynorsk og bokmål?
Når vi lærer eit framandspråk som t.d. engelsk, er vi vane med å samanlikne engelsk språk med norsk språk. Vi leitar etter likskapar og skilnader i språksystema. Slik kan vi òg gjere det når vi skal differensiere mellom nynorsk og bokmål. Arbeid med språk på denne måten gjev ein grunnleggjande språkkompetanse som er verdfull og kan overførast til all språklæring.
Kurset er delt i tre hovudkapittel:
1. kapittel: Kva er ein tekst?
Kapitlet gjev ei enkel innføring i tekstgrammatikk med eksempel på skriftleg, munnleg og samansett tekst i ulike sjangrar.
2. kapittel: Kva er ein nynorsk tekst?
Kapitlet tek for seg bøyingssystem og ordtilfang på nynorsk med utgangspunkt i nynorske tekstar. Her finst også eit rikt utval av sjølvkontrollerande øvingar.
3. kapittel: Arbeid med tekst.
Kapitlet gjev oppgåver der ulike språknormer blir sette opp mot kvarandre for
å finne likskapar og skilnader, t.d. dialekt mot nynorsk og bokmål mot
nynorsk. Kapitlet har også lytteoppgåver knytte til munnleg tekst.
Kunnskapsløftet er som ei kartbok utan vegar. Vi får vite kvar vi skal, men ikkje korleis vi skal kome oss dit. Vi har altså kompetansemåla i sikte, men får ikkje vite kva vi skal gjere for å utvikle kompetansen. Vi må tenkje sølve!
Nettkurset På nynorsk legg til rette for at det skal vere mange vegar til mål.
Nettkurset På nynorsk er eit tilbod om eit fleksibelt og differensiert læremiddel i norsk. For å få fullt utbytte av lærestoffet rår vi til at elevane startar med kapittel 1, ”Kva er ein tekst?”, gjerne i tilknyting til lærarstyrt undervisning om same emnet. Dei to andre kapitla byggjer på språklege omgrep og kategoriar frå kapittel 1, men kan også brukast uavhengig av det. I desse kapitla er oppgåvestoffet mangfaldig og variert slik at elevane (saman med læraren) kan velje kva oppgåver dei har nytte av. Dei ulike kapitla er knytte nær saman, men kvart kapittel kan likevel stå åleine som ein del av eit undervisningsopplegg.
Lykke til med tekst På nynorsk!