Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Aktivitetsark /

Aktivitetsark

Rim
Skriv ut arka, klipp ut firkantane og finn orda som rimar. Korta har fargekode, noko som gjer det enklare for mindre born å delta i aktiviteten. Det finst òg ei utgåve utan fargekoding.

 

Biletlotto
Biletlotto med figurar frå vevsida og boka om Berte og Iver. Skriv ut arka, klipp ut firkantane og finn to og to like. Biletlottoen finst dessutan i ei utgåve med tre spelebrett.

 

Les meir om bruk av rimarka og biletlottoen.

Henrik And
Her kan du skriva ut aktivitetsark med barnebokfiguren Henrik And, laga av Anna R. Folkestad.
Ark 1 | Ark 2

 

BrettebøkerKakerlakken med den stygge frakken (brettebok)
Martine Grande har laga ei lita brettebokutgåve av biletboka Kakerlakken med den stygge frakken. Det kan vere lurt å lesa bretteinstruksane før du byrjar.

 

Fargeleggingsark

Fargelegg Jakob og Neikob
Her kan du skrive ut tre fargeleggingsark med Jakob og Neikob.
Ark 1 | Ark 2 | Ark 3

 

Fargelegg Berte og Iver
Berte og Iver finn på mykje morosamt saman. Her kan du skriva ut ein serie på seks fargeleggingsark med bilete av Berte, Iver, Månemannen og Mannen i månen.

 

Fargelegg og skriv
Her kan du skriva ut to fargeleggingsark med bilete. Kvart bilete har plass under til å skriva på bokstaven eller namnet som høyrer til figuren. Bileta er dei same som på biletlottoen, og biletlottoen kan difor nyttast som hjelp.

 

Fargelegg Unni og Gunni
«Unni og Gunni» av Anna R. Folkestad er ein bokserie for dei minste. Her kan du skriva ut to fargeleggingsark med dei to pingvinane.
Ark 1 | Ark 2

 

Fargelegg Mopp og Mikko
«Mopp og Mikko» av Kari Stai er ein bokserie for dei minste. Her kan du skriva ut fire fargeleggingsark med dei to figurane.
Ark 1 | Ark 2 | Ark 3 | Ark 4

 

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)