Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Aktivitetsark /

Bruk av aktivitetsarka

Desse aktivitetsarka kan nyttast som fellesleikar eller som vaksenstyrt aktivitet i mindre grupper. Føremålet med aktivitetsarka er å leike med talespråket og slik utvikle språkleg medvit.

Rim får borna til å leggje merke til korleis orda er oppbygde. Rimkorta er laga slik at borna kan finne rimpar. Det er viktig å leggje vekt på det munnlege og samtale om korleis ein uttalar orda, slik at borna kan ha høve til å lytte etter rim. Korta har fargekode, noko som gjer det enklare for mindre born å delta i aktiviteten. Ein kan også nytte ei utgåve av rimpara utan fargekode.

Aktivitetar med rimkort

Borna sit i ring.

Aktivitetar med fargeleggingsark

Dette arket er tenkt som eit fargeleggingsark. Borna som er klare for det, kan prøve seg med vidare utfordring i høve til språklydane.

Aktivitetar med biletlotto

På biletlottoen finn de teikningar og ord, slik at borna kan knyte saman ord og bilete. Biletlottoen kan brukast på ulike måtar.

Kjelde til denne artikkelen: J. Frost og A. Lønnegaard, 1995: Språkleker. Praktisk del. København: Dansk psykologisk Forlag.

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)