Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Animasjonsfilmar /

Animasjonsfilmar

Jakob og Neikob
Jakob seier alltid «ja». Neikob seier alltid «nei». Animatøren Martine Grande har laga teiknefilm av barneboka Jakob og Neikob av Kari Stai. Du finn heile filmen her på sida.

 

Kråkebollebilly
Animasjonsfilmen om Kråkebollebilly er inspirert av eit dikt av Marit Tusvik. Filmen er eit godt utgangspunkt for å leika seg med å laga nye ord. Du finn både diktet og filmen her på sida.

 

Flekkmonsteret bygger harefelle
Animatøren Martine Grande har kombinert lydboka om Flekkmonsteret, illustrasjonane til Per Dybvig og små animasjonar ho har laga sjølv. Resultatet ligg ein stad mellom biletforteljing og animasjonsfilm.

 

Kva er regnet?
Animatøren Martine Grande har animert barneteikningar laga til diktet «Kva er regnet?» av Oskar Stein Bjørlykke.

 

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)