Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Biblioteksamarbeid /

Biblioteksamarbeid – Nynorske lesefrø

Nynorske lesefrø er ein arbeidsmåte der ein styrker tilgangen på nynorske barnebøker i barnehagen, legg til rette for fleire leseaktivitetar med nynorske barnebøker og aukar medvitet om det nynorske språket i personalgruppa. Sentralt i denne arbeidsmåten er eit samarbeid mellom det lokale biblioteket og barnehagar i kommunen, der biblioteket lagar bokkasser til barnehagen.

Les meir: Korleis organisere Nynorske lesefrø

Fruktbart samarbeid mellom bibliotek og barnehage

Nynorske lesefrø aukar tilgangen på nynorske barnebøker i barnehagen. Dei tilsette har fått auka kunnskap og auka medvit om kor viktig det er med lesing, leseaktivitetar og å lese på nynorsk. Forsking viser at nettopp samarbeid mellom bibliotek og barnehage styrker leseaktivitetane i barnehagen (Sandvik, Garmann, & Tkachenko, 2014). Gjennom samarbeid får barnehagane tilgang til ny barnelitteratur, og biblioteksamarbeid bidreg til at både vaksne og barn i barnehagen vert kjende med fleire nye bøker.

Kvifor nynorsk i barnehagen?

Språket som barna møter i barnehagen, er viktig for språkutviklinga og identitetsutviklinga. Måten vi brukar skriftleg og munnleg språk på i ulike situasjonar, er med på å definere kven vi er. For barnet i barnehagen er det viktig at dei vaksne er medvitne om det språket som møter barna og om dei vaksne si rolle som språklege modellar.

Praksiserfaringar

Sidan 2014 har sju kommunar organisert bibliotek- og barnehagesamarbeid gjennom Nynorske lesefrø. Vi har samla nokre praksisdøme og tekstar som er nyttige og inspirerande for andre som ønskjer å lage liknande prosjekt i kommunen eller barnehagen sin. De treng ikkje søkje om løyve til å setje i gang med Nynorske lesefrø. Det er fritt fram å bruke heile, eller delar av, «oppskrifta» for alle som vil verte betre kjende med den nynorske barnelitteraturen.

Tilleggsressursar

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)