Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Digitale verktøy /

Digitale verktøy

Digitale verktøy er eit supplement til bøkene når det gjeld språkleik i barnehagen. Dei vaksne i barnehagen bør derfor vite om aktuelle verktøy som kan brukast, både på papir og digitalt. Ein bør også vite kva for ressursar som eignar seg til bruk saman med borna eller kva som er retta mot dei vaksne. Å leike seg med ord, songar, tekstar, bokstavar og ord er med på å gje borna eit solid fundament for vidare språklæring, skriving og lesing. Varierte innfallsmetodar gjer at fleire får tilgang til språkstimulerande aktivitetar.

Berte og IverBerte og Iver
På Berte og Iver-sidene kan borna sjå nynorske animasjonsfilmar, høyre høyrespel og leike seg med spel der utforsking av bokstavar, rim og ordleik står sentralt.

Nynorsk språkstimulering på nett
Film om korleis ein kan kombinera nynorsk og digitale verkty i barnehagen.

 

Berte og Iver som app

Slik legg du til Berte og Iver som ein app på ipad eller iphone:

Digital språktrening

Det er stort potensial for språkstimulering knytt til bruken av nettbrett, datamaskin eller andre digitale verktøy. Sandvik m.fl (2012) viser at born utviklar kompetanse på avkoding av ulike tekstar, bilete og lyd gjennom å bruke digitale verkty. Dette skjer også gjennom samtale med den vaksne og andre born under og etter spelesituasjonen.

Variasjon og veksling mellom bøker og digitale ressursar vil vere til hjelp for å engasjere born som ikkje elles vel boklege aktivitetar, slik at alle kan få støtte til å utvikle språket sitt.

Nynorske ressursar

Tidlege møte med skriftspråket legg grunnlaget for eiga skriving. Dersom borna skal verte trygge på at språket deira er eit funksjonelt språk, må dei møte det i bøker, på nettet og i dagleglivet.

I barnehagen kan det også vere aktuelt å bruke enkle biletbehandlingsprogram og skriveprogram der born og vaksne saman lagar forteljingar eller dokumenterer noko ein har gjort. At barnehagetilsette gjer dette på den målforma barnet vil møta på skulen, vil gje det eit fortrinn.

Kjelder

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)