Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Digitale verktøy /

Nynorsk språkstimulering på nett

Filmen viser korleis ein kan kombinere nynorsk og digitale verkty i barnehagen. Barna får høyre og oppleve tekstar på nynorsk. I neste omgang får dei vere aktive og gjere seg eigne erfaringar. Denne kombinasjonen av inntrykk og eigen aktivitet legg til rette for at barna tileignar seg nye ord og omgrep, ved at dei får ta språket i bruk i meiningsfulle sosiale samanhengar.

Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtte opp om barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn (Rammeplan for barnehagen 2017, s. 44)

Slik jobbar Olden barnehage med nynorsk språkstimulering på nett:

Olden barnehage bruker nettsidene «Berte og Iver» på den digitale tavla med barn i alderen 2 til 6 år. Dei ser animasjonsfilmar og bruker dei ulike språkaktivitetane som er på desse sidene. I tillegg har dei lese historia om Berte og Iver, Berte og Iver og månen, som er utgitt som ei lita bok, men som òg finst i digital versjon.

Bruken av nettsidene «Berte og Iver» på ei digital tavle legg til rette for at barna får høyre nynorsk og sjå nynorske ordbilete, og at dei får tileigne seg ord og språklege kunnskapar i samspel med andre. Animasjonsfilmane og ein del av aktivitetane lar barna bli kjende med litterære figurar frå den nynorske barnelitteraturen, noko som kan skape ei tilhøyrsle til den nynorske skriftkulturen frå tidleg alder av.

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)