Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Musikk, rim og regler /

Musikk, rim og regler

Nynorsksenteret vil løfte fram den munnlege rim- og regletradisjonen og inspirere til å bruke slike små vers i barnehage og skule. I Rammeplan for barnehagen 2017, under Kommunikasjon, språk og tekst, står det formulert slik:

I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialekter gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå samtid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leikar med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling.

Personalet i barnehagen skal mellom anna oppmuntre barna til å fabulere og leike med språk, lyd, rim og rytme. Ein bør bruke varierte formidlingsformer og inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar.

Dagane
Hilde Myklebust og Heidi Marie Vestrheim har laga ein song om vekedagane. Her finn du både tekst, illustrerte ark for kvar vekedag, musikkvideo, gitargrep, komp og innspeling av songen.

 

Matvers
Ei lita samling med matdikt på nynorsk. Nokre av versa er tonesette, og alle er illustrerte av Per Ragnar Møkleby.

 

Dyr og fuglarRim og regler: Dyr og fuglar
Ei lita samling med rim og regler om dyr og fuglar.

 

Vennskap og litt av kvartRim og regler: Vennskap og litt av kvart
Ei lita samling med rim og regler om vennskap og litt av kvart.

 

På fangetRim og regler: På fanget
Ei lita samling med rim og regler du kan bruke når du har barn på fanget.

 

Kroppen, fingrar og tærRim og regler: Kroppen, fingrar og tær
Ei lita samling med rim og regler om kroppen, fingrar og tær.

 

Spelelister med nynorske barnesongar
Nynorsksenteret har laga til spelelister med nynorske barnesongar for Spotify, Tidal og Wimp.

 

Nynorske barnesongbøker på nett

Tunkatten si songbok
På vevsida til Tunkatten har Ivar Aasen-tunet laga ei songbok med nye og gamle nynorske barnesongar. På songboksidene finn du både notar, komp og innspelingar av songane.

 

Songboka mi
Songbok i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

 

Nynorske barnesongbøker i handelen

Song for deg og meg
Songskattar, viser og populære songar på nynorsk og dialekt. Av Odd Nordstoga (red.), Samlaget 2014

 

Syng sjøl
114 nynorske barnesongar. Nokre av songane finst òg samla på ein CD. Av Geirmund Johnsen (red.), Selja Forlag 2004

 

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)