Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Musikk, rim og regler /

Dyr og fuglar

Vi har fått tilsendt mange rim og regler frå tilsette i skule og barnehage, og frå privatpersonar. I samlinga her presenterer vi ein del av dei. Kanskje kan du nokre av dei frå før eller har ein lokal variant der du bur? Somme barnehagar har sendt heile samlingar med lokale småvers som borna har samla og laga hefte av, som alle borna har fått eit eksemplar av. Andre fortel at dei har hengt opp regler – ved stellebordet, på golvet i lesekroken eller i garderoben – og prøver å finne nye stader der det er fint å leike seg med ei regle eller to. Nynorsksenteret takkar hjarteleg for alle bidraga.

Språket i slike vers er munnleg, og det er derfor ei vurdering korleis vi skriv ned somme ord og vendingar. Her finn du nynorske rim og regler, med innslag av dialektord og munnleg oppbygging av setningar. Vi har valt å skrive kvar i landet vår versjon er frå, men veit at det finst mange versjonar av mange av versa.

Last ned rima som PDF til utskrift: Dyr og fuglar (PDF)

Illustrasjon: Are Edvardsen


Hei, dideli, sa katta mi.
Ho sat og spelte på fela si
så kua skvatt og månen datt 
og bikkja gøydde til langt på natt.

Frå Ørsta


Det var ein gong to kalva` 
No har du høyrt det halva 
Og kalvane dei blei til kyr
No har du høyrt eit eventyr

Frå Vindafjord


Gåte

Kven er eg?

Fire hangande, fire gangande,
to peikar opp mot sky, to viser veg til by
og ein diltar etter.

(Svar: Kyra)

Frå Ørsta


Per og vesle Karen
gjekk ein tur på ski.
Møtte vesle haren
i ei bjørkeli.
Vips, han flaug på skaren,
vekk frå veg og sti.
«Han var redd», sa Karen,
«reddare enn vi!»

Frå Vindafjord


Ein liten kylling i egget låg.
Banka og banka og banka på.
Her er så trongt, eg vil ut og gå,
peip han og ynka seg der han låg.
Hakk, hakkehakk. Egget det sprakk.
Og ein liten kylling ut av det stakk. 

Undrande stod han og tenkte på
alt det han ute i verda såg.
Sola var varm og ho skein på han,
fuglar og blomstrar og småe lam.
Pip, pip, han sa.
Eg er så glad!
Trangt var det i egget, men her er det bra.

Tekst: Frå Vindafjord
Melodi: «Tre søte småbarn» av Caroline Schytte Jensen


Ei lita mus
gjekk ut av sitt hus
for å sjå etter mat
i kopp og på fat.
«Ein liten bit her
og ein liten bit der
er nok for meg
som lita er»,
sa musa!

Frå Vindafjord


Fem små apekattar sat oppi eit tre (Hald fram fem fingrar)
Dei erta krokodilla, du kan ikkje ta meg her!
Så kom krokodilla, så diger og så svær. (Lag krokodillegap med armane)
GLEFS!!! 

Fire små apekattar sat oppi eit tre … (Hald fram fire fingrar)
Osb.

Engelsk originalversjon: «Five little monkeys swinging in a tree»
Denne versjonen er frå Volda


Egget det låg der så stille i ro.
Men høyrer du kva som skal hende no?
Hakk! Hakk! Hakk!
Knekk! Knekk! Knekk!
Kyllingen hakkar seg ut frå ein sprekk.
Pip! Pip! Pip!
Hallo! Hallo!
Kyllingen ligg der så gul og så god.

Av Arild Torvund Olsen

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)