Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Musikk, rim og regler /

Kroppen, fingrar og tær

Vi har fått tilsendt mange rim og regler frå tilsette i skule og barnehage, og frå privatpersonar. I samlinga her presenterer vi ein del av dei. Kanskje kan du nokre av dei frå før eller har ein lokal variant der du bur? Somme barnehagar har sendt heile samlingar med lokale småvers som borna har samla og laga hefte av, som alle borna har fått eit eksemplar av. Andre fortel at dei har hengt opp regler – ved stellebordet, på golvet i lesekroken eller i garderoben – og prøver å finne nye stader der det er fint å leike seg med ei regle eller to. Nynorsksenteret takkar hjarteleg for alle bidraga.

Språket i slike vers er munnleg, og det er derfor ei vurdering korleis vi skriv ned somme ord og vendingar. Her finn du nynorske rim og regler, med innslag av dialektord og munnleg oppbygging av setningar. Vi har valt å skrive kvar i landet vår versjon er frå, men veit at det finst mange versjonar av mange av versa.

Last ned rima som PDF til utskrift: Kroppen, fingrar og tær (PDF)

Illustrasjon: Are Edvardsen


Tommeltott, tommeltott, kvar er du?
Her er eg, her er eg, god dag, god dag, god dag.

Syng likt for peikefinger, langfinger, ringfinger, veslefinger, heile handa og heile armen.


Gå i skogen.
Gå i skogen.
Hogge ved.
Hogge ved.
Fryse på føttene.
Fryse på føttene.
Og springe, springe heim att.

(Stellesituasjon. Den vaksne lagar rørsler med beina til barnet)

Frå Hordaland


Sko hesten, sko hesten
med hammar og tong.
Vi kjem ikkje heim før i morgon ein gong.

(Klapp under foten til barnet i rytmen til regla)

Frå Sandane


Tåregle

(Start på vesletåa)

Titil, totil, tillerot, neggelfru, store gubben hesten

Her fekk vi inn mange ulike variantar, til dømes:

Titil, tåtil, tillarot, meggelfru, storegubben sjølv


Fjesregle

(Prikk på staden og kitle på halsen til slutt)

Panne-skalle
Auge-vippe
Nase-tippe
Øyre-flippe
Munne-lippe
Hake-snippe
Og dikke-dikke-dikke! 


Fingerregle

(Start på veslefingeren)

Han datt i havet.
Han drog han opp.
Han bar han heim.
Han la han i seng.
Og han spela basen for alle fire-fem.


Fingerregle

(Start på tommelen)

Han braut opp låsen.
Han stal.
Han bar.
Han sladra.
Og han måtte betale som liten var! 


Regle om fingrane

(Start med tommelen)

Tommeltott, slikkepott, langemann, gullebrann, vesle Petter spelemann.


Regle om tærne

(Start med vesletåa)

Den datt på sjøen, den tok han opp att, den vaska han, den tørka han og den sprang heim att til mamma si og sa det.


Regle om fingrane
Den fyrste datt uti, den andre vart våt, den tredje ropte om hjelp, den fjerde sprang heim og den femte fekk skulda for alt i hop.


Regle om ansiktet

Kom ein mann og ville ha seg hus, banka på døra, keik inn glasa, vrei om lykelen, tørka seg på matta og sa «god dag, god dag, god dag».

(Først «gå» med to fingrar over hovudet til barnet, banke i panna, plassere to fingrar under auga, «vri» på nasen, kitle under nasen, ta tak i haka og seie «God dag, god dag, god dag».)

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)