Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Musikk, rim og regler /

Vennskap og litt av kvart

Vi har fått tilsendt mange rim og regler frå tilsette i skule og barnehage, og frå privatpersonar. I samlinga her presenterer vi ein del av dei. Kanskje kan du nokre av dei frå før eller har ein lokal variant der du bur? Somme barnehagar har sendt heile samlingar med lokale småvers som borna har samla og laga hefte av, som alle borna har fått eit eksemplar av. Andre fortel at dei har hengt opp regler – ved stellebordet, på golvet i lesekroken eller i garderoben – og prøver å finne nye stader der det er fint å leike seg med ei regle eller to. Nynorsksenteret takkar hjarteleg for alle bidraga.

Språket i slike vers er munnleg, og det er derfor ei vurdering korleis vi skriv ned somme ord og vendingar. Her finn du nynorske rim og regler, med innslag av dialektord og munnleg oppbygging av setningar. Vi har valt å skrive kvar i landet vår versjon er frå, men veit at det finst mange versjonar av mange av versa.

Last ned rima som PDF til utskrift: Vennskap og litt av kvart (PDF)

Illustrasjon: Are Edvardsen


Ro, ro, relte.
Kjøpe barnet belte,
nye sokkar, nye sko.
Så skal barnet heim att ro.
Først til far, så til mor,
så til søster, så til bror
og så til gamle bestemor

Frå Ørsta


Hallo, hallo, kom set deg her.
Kom og set deg ganske nær.
Vi skal fortelje eventyr
og syngje litt om folk og dyr.
Bommelibom og timtamtu,
her sit eg og der sit du!
Samlingsstunda for dei små
byrjar nettopp nå, hei hå!

Frå Volda


Blomstrar små, gule, blå,
rundt omkring på marka står.
Vinkar til Tove-lill, for ho er så snill.

Blomstrar små, gule, blå,
rundt omkring på marka står.
Vinkar til Håkon-lill, for han er så snill.

(Syng vidare til alle har høyrt sitt eige namn.)

Ukjent opphav 
Nynorsk versjon frå Ørsta


Så gjer me så når me går oss ein tur,
går oss ein tur, går oss ein tur.
Så gjer me så når me går oss ein tur.
Og alle vil vere venner.

Alle går i ring, slik:
1. vers: Gå med hendene på hovudet til kvarandre
2. vers: Gå med hendene på skuldrene til kvarandre
3. vers: Gå med hendene om livet på kvarandre
4. vers: Gå med hendene på hoftene til kvarandre
5. vers: Gå med hendene på knea til kvarandre
6. vers: Gå med hendene på tærne til kvarandre.

Frå Vindafjord


Gjer ikkje narr på nokon måte.
Ein annan gong kan det bli du som får gråte.

Frå Ørsta


Kvar skal du av Signe lita?
Av å plukke nøtter kan du vita.
Du når ikkje opp Signe lita.
Eg stig opp på ein stein kan du vita.
Då dett du ned og bryt av eit bein, Signe lita.
Eg held meg i ei grein kan du vita.

Frå Ørsta


Vil du vera venen min, venen min, venen min?
Vil du vera venen min og dansa litt med meg?
xxx han/ho er venen min, venen min, venen min.
xxx han/ho er venen min, no dansar me i veg.

I staden for «dansa» kan de òg syngje «hoppa», «hinka», «snurra», «tøysa» eller liknande. De kan anten syngje om alle borna som er til stades, eller – dersom de har songen som fast innslag på samlingar – syngje om eitt barn kvar dag. Barnet som vert plukka ut, kan gjerne få kome med framlegg til kva verb som skal nyttast.

Tekst: Arild Torvund Olsen
Melodi: Mary Had a Little Lamb


Han xxxxx er liten og gløgg og forviten
og alltid så grev han og spør:
«Kor gamal er jorda, kvar vart det av sola, kvifor har ikkje hunden vår fjør?»

Skal då seiast med dei rette verseføtene. Men innhaldet kan tilpassast kven som helst ved å byte ut namn, pronomen og samsvarsbøyinga på adjektiva.

Frå Nordfjord 

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)